Skitnasete

Denne stølen ligg om lag 3,5 km vest for garden Byrse, om lag 545 moh., og han er rekna som god sommarstøl. Skitnasete er frå gammalt av støl for Byrse bnr.1 og 2. Bnr.2 var frå 1658 til 1860 delt i to, difor finn me tre murar etter sel både her og på stølen Snipo. Dåverande eigar av 63/1 kjøpte i 1981 stor­parten av 63/2 med tilhøyrande støls- og utmarksrettar. På stølen står det i dag to nyare hus til­høyrande bnr.1, oppsette i 1985. Det gamle selet til bnr. 1 var ei stund det einaste huset på stølen, men det brann ned i 1984. I tillegg er her murrestar etter to eldre hus. Bnr.2 sitt sel fall ned i 1950-åra. Stølen ligg i dag turt og fint, så namnet kjem nok frå gamlestølen som låg på ein liten morenerygg attmed ei myr, eit par hundre meter aust for og noko lægre enn noverande stølsbol. Stølsbolet vart flytta til noverande stad på slutten av 1700-talet, mellom anna grunna stor bjørneplage på gamlestølen. I 1865 hadde bruka på Byrse 30 storfe, og dei sleppte 75 sauer på beite. I 1907 var til­svarande tal 20 storfe og 78 sauer. I 1865 rekna ein med at ei god kyr mjølka om lag 950 l i året, og mykje av denne mjølkemengda (det vert sagt 2/3) fekk ein på dei gode to månadane kyrne var på stølen. På Skitnasete kan det utpå ettersommaren og i lange turkebolkar verta lite med vatn, men stølen har alltid hatt lett tilgang til ved for koking og ysting. Begge bruka hadde i si tid inngjerda stølstræe. Bnr.1 slo stølstræet fram til og med 1953, og dette bruket støla med kyr heilt fram t.o.m. sommaren 1969. Maria Børsheim (1917–1983) var den siste budeia på Skitnasete, og då dei slutta med støling i 1969, hadde ho vore budeie der kvart år sidan ho vart konfirmert i 1929! Byrse hadde frå gammalt av mjøstøl på haugen ovanfor og vest for tunet. Frå mjøstølen flytte dei til vårfloren like utanfor husmannsplasset i Aosen. Frå vårstølen i Aosen buførte dei ut til Aobar og vidar utover stort sett langs Skitnasetebekken, slik skogsvegen går i dag. Dei hadde fleire merke langs vegen, som Furekvilet, Halvgjenge og Langemannen. Eit stykke ovanfor Langemannen tok dei utover fjellryggen mot venstre, som blir kalla Fljaoena. Dette for å gå mest mogeleg turt. Frå øvst på Fljoaena var det berre ei kort kleiv, dei såkalla Skorvena, opp til stølen. Traktorvegen ut til Skitnasete, som vart bygd i 1985, vart i 2013 opprusta til bilveg i samband med Statnett si bygging av kraftlina Sima – Samnanger.
5,0
camera
Innhold

Denne mappen er tom.