Tyssedal

Stølsbolet ligg på austsida av Tyssedalsvatnet i ca. 630 m høgd, og var sommarstøl til nokre bruk på Oppheim, Solbjørgo og Hjelmavoll m.a.. Både dalen og stølen har namnet etter elva Tysso. Det kan vera fleire tydingar av dette namnet, men det vanlege er å gå ut frå at det kjem frå tvis, tve, dvs. todelt. Det vil altså seia elva som deler seg. I 1865 har det vore om lag 45 storfe og 120 småfe på beite her. I 1907 var dei same tala om lag 35 og 170. Då det ikkje er så store beitevidder her, er det ikkje rart at det vart passa på kvart strå, og at dei som skulle til Mjølbotn, Slondal m.v. ikkje fekk buføra denne vegen. I dag står det tre stølshus i Tyssedal, det er husa til Oppheim bnr. 7, Hjelmavoll bnr.1 og Solbjørgo, bnr.1. I tillegg er her murar etter sela til Oppheim bnr.1 og 6. Den siste muren (55/6) er no ein del av 55/3 sin støls- og beiterett i Tyssedal. Bakgrunnen er ei jordfordelingssak etter tidlegare eigar av 55/6, tinglyst i 2001, der 55/3 kjøpte desse rettane. Stølsvegen frå gardane nede i bygda er den same som vart nytta til Sotnòs. Så går vegen vidare inn Tyssedalen til Øyane. Her går ein over store flatar, som nok tidlegare var slåtter, og kjem til Oddmundshaug. Her var kvileplass for buførene til Slondal m.m. etter at dei sist på 1920-talet fekk vegrett gjennom Tyssedalen. Oppe i Oddmundshaug hadde raundølene eit lite hus der dei kunne ta inn når dei var på kyrkjeveg. Så ber det i svingar opp dei bratte Kleivane før ein kjem opp til vatnet og fram til stølen. Vegen held fram bratt opp til Fessavatnet. Fadlet var eit vanskeleg parti, og dei måtte ofte ha dugnad for å utbetra vegen der. Når ein er komen opp Fadlet, går det også ein veg oppover til høgre til Slondal. Til Vesete går vegen no til venstre og nedover framom den særmerkte fjellformasjonen ­Jeriken og vidare framom Venure. Vegen over Fadlet til Mjølfjell var i gammal tid ein viktig ferdsleveg (saltveg) mellom dei ytste gardane i Raundalen og Ulvik (sjøen). Vegen har òg vore nytta som kyrkjeveg for bruka øvst i Raundalen, då kyrkja i Ulvik låg laglegare til enn kyrkja på Vossevangen. Eit prov på dette hopehavet er at det ved den gamle kyrkja på Hakastad var ein «Raundals­allmenning», der raundølene hadde rett til å binda hestane sine. Dette er mellom anna ­stadfesta i ei rettssak i 1726.
5,5
camera
Innhold

Denne mappen er tom.