Finse: Støler

Finse i Ulvik kommune, 1222 moh.
11,5
Innhold
Finselæger/Norenut Finselæger/Norenut

også kalla Osastova i 1783 eller Osabua, låg i sørhallet under Norenut, eit par kilometer vest for Finse stasjon. Dette har eigentleg ikkje vore støl, men var opphavleg ei jaktbu, brukt til «dyreskytterie». O. Olafsen meinte bua var mykje eldre enn 1783. Her var også læger for driftekarane, og her var svært godt beite. Bua vart mykje brukt av snømælarane Gjert Kårdal og Tollef Nygård under førebuinga av Bergensbanen. I dag viser restar av murane om lag hundre meter opp frå Rallarvegen og restane etter bua vert i daglegtale kalla Norenut, det same som namnet på sjølve nuten. I ei landsomfattande støls­registrering i 1935 vart Norenut oppgjeven som «nedlagd

Finsestølen (Sygnestveitstølen) Finsestølen (Sygnestveitstølen)

Denne stølen vart på mange måtar til som eit resultat av lokalt næringsinitiativ. Det var dei to brørne Arne (1867–1920) og Magnus (1872–1951) Sygnestveit, frå Sygnestveit bnr.2, som feste hamna her, tett ved jernbanen, i samband med bygginga av Bergensbanen. I 1905 fekk dei opp stølshus og kunne gå i gang med stølinga. I dag finn me berre nokre få steinar av husmuren etter dette stølshuset på vestsida av krysset mellom Rallarvegen og køyrevegen bort til Finsehytta. Tidlegare eigar av Finse 1222 nytta mesteparten av den gamle stein­muren då han bygde privatbustaden vest for ­hotellet. Føremålet med stølen var i hovudsak levering av stølsprodukt og slakt til kokkelaga og rallarane som arbeidde på jernbaneanlegget. Stølshuset vart seinare (1913) selt til Det Norske Hotellcompagnie (som Finse hotell var ein del av), og det vart flytta sørvestover opp på Ramnaberget.

Torbjørnstølen Torbjørnstølen

Stølen ligg om lag 1220 moh i ei lun hola eit kvarters gonge aust for Finse stasjon. Bruksrett/feste her har: Aurdal, gnr. 58 bnr.1og 6, og Vestrheim, gnr. 57, bnr.2. Det er nok her det første stølsbolet i Finsetraktene vart etablert. Frå eldre tider var her ein gammal fangst- og buplass. Det er funne avslag av flint og kvartsitt på staden. Her har også vore eit gammalt læger, der eldste del framleis er synleg som steinmur som stikk fram under den øvste delen av floren mot vest. Før jernbanen kom, høyrde heile området på begge sider av dagens jarnbane til Torbjørnstøl. Stølen har namn etter Torbjørn Levorsson Osa (1752–1831). Han tok, som nemnt ovanfor, opp støl her på 1770-talet og dreiv i lag med verbroren Hans Olsson Vestrheim (1758–1825) fram til 1827. Seinare er det kjent at Ola Magnusson Torblå (1820–1910) brukte stølen i lag med Elling Larsson Ljono (1808–1895). I matrikkelen for 1890 er Ola OlssonTorblå (1870–1963) oppførd som brukar. Nokre år pakta han bruket sitt bort til verbror sin, Eirik Persson Århus (1853–), som også brukte Torbjørnstølen. Tidleg i 1880-åra sette Torbjørn Lekve (1845–97) inn omn her då han nytta stølen til overnatting i samband med snømålingar. Det ser ut til at stølen ikkje har vore i bruk nokre tiår sist på 1800-talet og først på 1900-talet, bortset frå at Anve Osa brukte stølen nokre år fram til 1902. Den 25. mai 1918 gav Ulvik formannskap Jakob Håheim (1875–1961) frå Voss leigekontrakt for fem år på Norenut, Torbjørnstølen, Larsbu og Hansbu mot kr 300 i årleg leiga. Han bygde nytt stølshus og florar på stølen, som han dreiv saman med Botn (nordre Oksabotn), som han overtok etter Anve Osa. Då femårskontrakten gjekk ut i 1922, sa Jakob Håheim stølen frå seg, og Olav A. Aurdal (1880–1938) overtok og dreiv nokre år saman med brukarar på Hakastad. I åra 1932 til 1945 stod Johannes J. Lid frå Voss som leigar av ­stølen, og han betalte 80 kroner i årleg leiga til Ulvik herad. I 1946 overtok Lars O. Aurdal (1912–76), og frå 1949 var også Hans O. Aurdal (1907–95) oppførd som leigar. Dei betalte 100 kroner kvar i årleg leiga. Etter søknad til Ulvik fjellstyre fekk Lars og Hans Aurdal saman med Helge Sygnestveit (1909– 96) på Vestrheim gnr. 57/2 i 1957 «utvisingsforretning» (feste) på Torbjørnstølen og Larsbuhamna. Frå tidleg 1970–tal har Finse forskingssenter leigt husa på stølen.

Larsbu (Larsabu/Larsastølen) Larsbu (Larsabu/Larsastølen)

Stølen ligg om lag ein halv times gonge aust for Finse stasjon på nordsida av Ustekveikja og jernbanen. Dette er kanskje det finaste beite­området i Finsedalen. Kva for ein Lars det er som har gjeve «stølen» namn, er noko usikkert, men det kan vera Lars L. Osa (1750–1833) på bnr 5, som litt før 1800 bytte beite med Hans Vestrheim og skal ha vore her i om lag 20 år. Kva form for (støls)drift han har hatt er usikkert. Her har vore eit læger, truleg driftelæger og kanskje også gjetarbu. Me ser i dag murar etter ei innhegning. Det er usikkert om dette har vore støl sidan han ikkje er nemnd i 1797, og her er heller ikkje synlege murar etter hus. Men det er mogeleg at vaktarbustaden kan vera bygd på dei gamle murane. På kart frå 1864 og 1882 er heller ikkje Larsbu avmerkt. Larsbu kan ha vore eit beiteområde knytt til Torbjørnstøl. Frå 1918 har i alle fall beita her vore samanslegne med Torbjørnstølen og er tekne med i feste for denne. Austre grensa for denne hamna er sett til Tverrå. (I 1935 vart stølen oppgjeven som «nedlagd fjellstøl». Eitt år, 1963, dreiv Olav Ryum frå Flåm stølsdrift med leigekyr i vaktarbustaden her).

Torstølen Torstølen

Tufta er avmerkt som læger tett ved jernbanen på kart frå 1864 og 1882 (som igjen bygde på eldre kart), men var trass namnet neppe støl. Truleg har folk frå Hallingdal, Eidfjord og Ulvik halde til her med drifter i ulike periodar, og kanskje har her også vore drive tamreindrift. Ingeniør Sigvart Heber på jernbanen stasjonert på Finse, merkte av staden på eit kart i 1909, då som læger. Ein kan likevel undrast litt på namna Torstølen og Torstølsnuten. Torstølhytta er namnet på nokre steinmurar som ligg i sørvesthallet av Torstølsnuten, nokre hundre meter opp for Ustekveikja. Tufta er kring 40 kvadratmeter, og er delt i to rom. Hytta skal ha vore bygt av Lord Garvagh d.y. i 1870-åra. I boka «The Pilgrims of Scandinavia» som Lord Garvagh d.y. gav ut i London i 1875, står det mellom anna at han frå hytta kan sjå båten Baldur. Frå hytta kan ein lett sjå bort til Finsevatnet (eller kanskje Fetavatnet).

Hansbu Hansbu

Stølen ligg på vestsida av Ustekveikja under Vesle Hansbunut, 1180 moh. ein god times gonge (vel 5 km) aust for Finse stasjon. Bruksretten/feste i dag er det Ljono, gnr 54/4 som har. I 1918 fekk Jakob Håheim leiga Hansbubeitet saman med resten av Finsområdet for fem år. Jakob overlet leiga si til K.K. Hjeltnes (1881–1959) same året (altså i 1918). K.K. bygde nytt stølshus på flaten ved Ustekveikja, og dreiv ­stølen saman med Oksabotn. Etter krigen fekk Lars Fjelde (1893–1975) på Bagne bruka hamna nokre år. K. K. Hjeltnes sa frå seg stølen i 1954. Fjellstyret gjorde vedtak om å leggja stølen til Sygnestveit, men R. R. Espelid (1895–1978) Øydve gnr.47/1, Edvard Ljone (1905–1990) Ljono gnr.54/1 og Kristoffer Vestrheim (1894–1967) Ljono gnr.54/4 anka vedtaket, og i 1956 vart dei tilkjende stølen. Dei fekk «utvisingsforretning» (feste) i 1957. Sidan har Hansbu vore nytta som sauehamn, i dei seinare åra helst av gnr.54/4, som framleis (2015) har bruksrett på hamna. Hansbulægeret ligg på høgre sida av stigen som går sørover Hansbudalen. Her er restar etter to buer som truleg har vore både fangst- og driftebuer. Ei bu skal vera bygt av folk frå Simadalen på slutten av 1700-talet. Det er truleg denne som er omtala som Hansbu før «nye» Hansbu vart bygt i 1918.

Botn Botn

Dette er stølen som i dag vert kalla nordre Oksabotn. Bruksretten har Håheim, gnr 46/7. Stølen ligg på nordsida av Ustekveikja, ca to timar gonge (om lag 8 km) frå Finse stasjon, 1165 moh. Austre grensa for denne hamna er i Storure, dvs. grensa mot Hol. Det kan sjå ut som at dette også til å byrja med var eit læger for driftekarar. Brørne Anve og Oddmund Osa dreiv driftehandel herifrå. I åra 1876 til 1891 leigde Anve stølen her til sauehamn. Tidleg i 1880-åra brukte Torbjørn Lekve bua i samband med snømålingar, og han sette inn omn. Under bygginga av Bergensbanen støla Anve Osa (1854–1945) her med kyr og geiter. Han mura då opp ny og betre stølsbu. I 1907 la Anve ned stølsdrifta her og flytte til Hallingskeid, men søkte på nytt om å få leiga att i 1917. Han fekk leigekontrakt for tre år med ei årleg leiga på kr 100, men overlet denne leiga i 1918 til Jakob Håheim. Jakob Håheim (også kalla Jakob i Holmen) hadde drive gardsbruk i Ulvik fram til 1910, men hadde no gard på Kvåle på Voss. Han bygde nye stølshus og florar med plass til 20 kyr her på stølen (som han dreiv i lag med Torbjørnstølen). Frå 1922 brukte han berre Botnen. Då leigetida hans etter fleire fornyingar, gjekk ut i 1955, var det mange som meinte at han ikkje burde få fornya leige i og med at det var mange bruk i Ulvik som trong stølsbeite. Fjellstyret lyste då ut hamna i 1956, og det var fleire søkjarar. Fjellstyret gjorde vedtak om at Nils Branstveit (1914–93), Håheim, gnr. 46/7 skulle få stølen tillagt sitt bruk. Det vart tinglyst «utvisingsforretning» (feste) 8.3.1957. I seinare tid har stølen vore nytta av gnr.46/7 til sauebeite. Det er no to stølshus på denne stølen, det eine er ein ombygd eldre steinflor. Den andre floren datt ned i 1985. I tillegg står her eit lite uthus/vedhus.

Oksabotn Oksabotn

Dette er søre Oksabotn som ligg på sørsida av Ustekveikja, rett overfor Botnen, 1170 moh. Her bygde K. K. Hjeltnes nye stølshus med florsplass til 20 kyr og tok til med stølsdrift i 1918. Han dreiv stølen, hovudsakleg med geiter, samanhangande fram til 1954, bortsett frå nokre av krigsåra. K.K. dreiv samstundes Hansbu. Fram til 1945 betalte han 50 kroner i årleg leiga for dette beitet, seinare 100 kroner. I 1955 vart Oksabotn og Hansbu lyst ledige. Ulvik fjellstyre gjorde vedtak om å leggja begge hamnene til Olmod Sygnestveit (1914–79) sitt bruk på Sygnestveit. Olmod overtok stølshusa frå K. K. Hjeltnes for kr 15.000 i 1954. Olmod fekk «utvisingsforretning» (feste) på Oksabotn i 1957, og dreiv stølen (geiter) til ut på 1960-talet, då han såg seg nøydd til å slutta drifta på grunn av høge jarnbanefrakter på mjølk og tomspann. I dag (2015) er det to hus på stølen, det eldste frå 1918, som Magnus Sygnestveit fekk kjøpa, og eit nybygt lafta sel som Lars Sponheim (gnr. 66/6) bygde i 2010 etter at han i 2008 fekk feste på hamna, som no (2015) vert nytta som sauebeite.