Taumasete

Stølen ligg omlag på skoggrensa, ca 740 moh, og grensa mot stølene i Døgersdalen går omlag midt på heimsta vatnet. Taumasete er ein særs fin og god støl med gode fjellbeite, og namnet skal koma av at fleire mindre bekker taumar eller flettar seg saman nedanfor stølsbolet. Dette var sommarstølen til Bolstad gnr. 33, bnr. 1,2 og 3, Bagne gnr. 34, bnr 1, 5 og 6 og Holkasvik gnr. 35, bnr.1 og 3. Jordbruks­teljingane i 1865 syner at desse tre gardane fødde i alt vel 70 storfe og om lag 180 sauer og 75 geiter som gjekk i beitet her. I 1907 var tala 45 storfe, 140 sauer og vel 280 geiter. Her står det i dag (2015) tre gamle, tømra stølshus, alle med nye, restaurerte tak, eit arbeid som vart gjennomført i 1984. Stølen vart sist brukt (bortleigd til) i 1956 av Tomas Mæland (1913–2014) gnr 32/1. Tomas nytta stølen til geitestøl. (Det hadde vore noko diskusjon om garden Bagnsnes, gnr. 32, sine beiterettar. Det vart vist til at garden tidlegare hadde vore husmannsplass under Erdal i Eidfjord, og såleis ikkje hadde rettar i dei andre gardane på Bagnstrond si utmark. Etter eit jordskifte i 2000 fekk Bagnsnes samrøystes del i sameiga på denne stølen). Då dette er sommarstølen til gardane Bolstad, Bagne og Holkasvik, startar me stølsvegen på Hedlaos, vidare opp Nakkane, Bjødnagravena, Drivefossdalen, Budeieklypet, Bygdareaosen, Skiddeve, Budeiegraoten og fram til stølen.
4,0
building
Innhold

Denne mappen er tom.