Døgersdalen

Døgersdalen er sommarstølen til bruka på Øydve. Stølen ligg mellom vatna i dalføret der elva Døgro renn 710 moh. Her er to fine vatn med mykje fisk. Namnet kjem av elva Døgro, og elvenamnet kjem truleg av at elva veks fort opp i regnver. Nokon meiner namnet har samanheng med at elva veks opp på om lag eit døger, for då er vassmagasina i dalen fulle. Dyra vart først buførde over Osafjorden i kyrabåtar til vårstølen Øydvesela nede ved ­fjorden. Etter ei tid på beite der gjekk buferda opp lia til Døgersdalen. Vegen opp går frå Selavika, opp Rinden, skrått utover til Stegabergflaten, opp ved Borka­heldren, Stegabergskleiva, Liastølen, over Laugaretjørn, Sòtarenolten, Husaleitet og inn til stølen. Med buføra tok det to til tre timar frå fjorden og opp til stølen. Medrekna føringa over Osafjorden gjekk det noko meir. Det eldste huset med gammal tymbra høyrer til bnr. 7, og er det einaste frå gammalt. I 1952 vart det bygt nye hus på bnr.1 og bnr 5 på dei gamle husmurane. Elles viser husmurar etter to hus, eitt på stølen og eitt på nordsida av Øvstavatnet. Det siste vart flytta grunna skredfaren. Her er også murar etter ei gammal stein­bu på austsida av Øvstavatnet. Der er òg eit naust og båtar. Då dei støla i Døgersdalen, var tilgangen på brennevyrke til koking og ysting viktig. Det vert fortalt at dei plukka den mest uspare bjørka først, dvs. bjørk som snøen hadde brote ned og liknande. No veks skogen heilt inn på stølsbøen. Tal frå jordbruktsteljingar frå den tida syner at på Øydvegardane fødde dei 30 – 40 storfe og over 100 sauer. Det var nok ein god støl, men på grunn av at det var tungvint tilkomst og i periodar stor bjørneplaga, vart det slutt på vanleg stølsdrift sist på 1800-talet. Den siste budeia var truleg Brita Ørjansdtr. Torblå (1854–1942). Sonen hennar, Ørjans (1875–1966), var med mora då han berre var 2 år gammal. Stølen vart seinare bortleigd til geite­støI under krigen og ein del år frametter til Lars Fjelde (1893–1975) på Bagnstrond. Frå 1962 og nokre år framover prøvde eigarane å ha gjelddyr her, men det vart for strevsamt. Seinare har ein nytta stølen berre til sauebeite. Lars Prestegard (1923–2012) skriv i boka om Prestegårdsfolket at oldemor hans, Synneva Mandrupsdtr. Øydvin (1808–1901), var budeia i Døgersdalen som ung jenta, og det hende ho laut jaga bjørnen bort med eldfaklar. Rikol Espelid (1930–2015) fortel at besten hans i Dalen, Rikol Håheim, (1852–1928), slo gras i Døgersdalen eit år det var dårleg med høy heime, og han bar det heim.
4,5
camera
Innhold

Denne mappen er tom.