Sjusete

Stølen ligg ein god times gange frå gardane på Vambheim, i sørvestleg lei, om lag 420 moh. Sjusete er støl for bruka på gnr.70 Vambheim og gnr.71 Lisebrekke. Dette kan tyda på at Lise­brekke i si tid vart oppteken i Vambheim si utmark. Stølsnamnet har eit noko uklårt opphav. Det er godt mogeleg at stølsbolet «med litt velvilje» har hatt sju sel, men det kan også knytast til at talet sju har vore eit heilagt og magisk tal, som kunne bringa lukke. Marta Sponheim har i skildringa si av stølslivet på Furesete peika på at det i dette fjellområdet, mellom Granvin og Ulvik, kan reknast opp sju stølar med -sete som sluttlekk i namnet, og at Sjusete såleis er den sjuande?! På Sjusete har det alltid vore rikeleg tilgang på dei viktige elementa vatn og ved. Ser me på jordbruksteljinga i 1865, hadde bruka på Vambheim og Lisebrekke om lag 50 storfe og vel 130 sauer som vart sende på ­stølen. Desse tala var redusert til 32 storfe og 33 sauer i 1907. I tillegg hadde dei no 9 geiter. Stølen vart rekna som ein god vårstøl, og i dag står her to hus og ei høyløa. Stølsvegen starta ved mjøstølen på Gjerde. Så bar det oppover nordaust for Lisebrekke, opp ein lang bakke, kalla Guttormsbakken. På toppen av denne kunne dei ta ein pause på Kvile. Så kom Oddmundsbakken før ein kom opp i Hestahoven. Her er det eit merke i berget som etter ein hestasko (det skulle ha vore hestekamp her med ein djevelhest involvert). Så bar det over Rugamyr og opp til Gryteskarvet, med gryteliknande holer i skarvet. Ved Budeieklypet kunne budeiene om hausten kontrollerast om dei hadde forsynt seg for mykje av stølskosten. Så vidare forbi Sodlaholet og opp på Husaleitet. Derifrå såg ein fram til Sjusete. I dag er det ein god skogsbilveg heilt fram til stølen. Aktiv støling vart det slutt med utpå 1950-talet. Den siste budeia på Sjusete var truleg Gudrun Larsgård (1905–1985). Som elles i bygda har også bruk frå Vambheim støla andre stader opp gjennom åra. Anders Larsson (1819–1908) frå bnr.3 hadde lenge støl i Bjoreidalen i Eidfjord i andre halvdel av 1800-talet. Denne stølen vert framleis kalla Vambheimsstølen. I 1862 fekk han også skøyte på stølspartar i Krossdalen og Tverrlie av Jakob Sysendal.
4,0
camera
Innhold

Denne mappen er tom.