Liastølen–Grasbotn

9,0
Innhold
Liastølen Liastølen

Namnet fortel at stølen ligg oppe i lia, her kalla Bolstadmarka, ca. 370 moh og 2–300 m oppom traktorvegen. Eigarar er i dag er Bolstad, gnr. 33, bnr. 1, bnr. 2 og bnr. 3. Den gamle stølsvegen går opp frå Indre ­Bolstad. Det er ikkje så lett å finna stølen i dag. Skogen vekst tett omkring, og ein del av areala kring stølen er tilplanta med gran. På Liastølen står det i dag to hus medan eit tredje er ramla ned. I tillegg er her to husmurar. Store delar av stølstræet er omkransa av eit steingjerde. I 1967 kjøpte bnr.1 på Bolstad eitt av bruka på Bagne, gnr. 34 bnr.6. Med på denne handelen fylgde det med sel og beiterettar, både på Hedlaos og Taumasete.

Bolstadstølen Bolstadstølen

Denne stølen låg sørom Senhovden (Taumasete), 880 moh, Dette stølsbolet er ukjent for dei fleste i dag, men namnet fortel vel at det var einkvan frå Bolstad som prøvde å ta seg støl her. Her viser restar etter ei hustomt og eit steingjerde. Ingen i dag kjenner til bruken av stølen. I bygdebøkene står det at Bolstad også hadde vårstølane Fuglamyr og Paulstræet.

Hedlaos Hedlaos

Stølen ligg fint til i ein sørvend bakke nord i Hedlaosmarka, 610 moh. God, tidleg vårstøl til Bolstad gnr. 33, bnr. 1, 2 og 3, Bagne gnr. 34, bnr 1, 2, 3, 5 og 6 og Holkasvik, gnr. 35, bnr.1 og 3. Namnet Hedlaos kjem truleg av bergalaget oppom stølen, med heller/murstein og åsen bakom. Her står i dag (2015) fire hus, vølte og i bra stand, men her er òg restar av murar etter to hus til og ei løe. Her er òg eit stort steingjert træe. Tilgang på vatn var viktig i samband med støling, men på Hedlaos kunne det vera lite med vatn i turkevêr, men der var ei lita, sikker og kald oppkomma, Spannakjeldo, tett ovanfor husa. Hedlaos vart sist brukt til vanleg støling ut på 1950-talet ein gong. I dag kan ein køyra ­traktor mest heilt fram. Med utgangspunkt i dei bruka som støla på Hedlaos, er her også to stølsvegar. Vegen opp frå Hønse: Opp til Bagne og vidare over Bygningen, Flòten, over Bagnselva, Øynabekkjen, Øynaleet, Hedlaosmarka og fram til stølen. Vegen frå Holkasvik: Frå Mjøstølen, Bjødnen, Kvilingasteinen, Tussakjeldo, Skotaberg og opp i stølsvegen frå Bagne og så same vegen som for Hønse.

Taumasete Taumasete

Stølen ligg omlag på skoggrensa, ca 740 moh, og grensa mot stølene i Døgersdalen går omlag midt på heimsta vatnet. Taumasete er ein særs fin og god støl med gode fjellbeite, og namnet skal koma av at fleire mindre bekker taumar eller flettar seg saman nedanfor stølsbolet. Dette var sommarstølen til Bolstad gnr. 33, bnr. 1,2 og 3, Bagne gnr. 34, bnr 1, 5 og 6 og Holkasvik gnr. 35, bnr.1 og 3. Jordbruks­teljingane i 1865 syner at desse tre gardane fødde i alt vel 70 storfe og om lag 180 sauer og 75 geiter som gjekk i beitet her. I 1907 var tala 45 storfe, 140 sauer og vel 280 geiter. Her står det i dag (2015) tre gamle, tømra stølshus, alle med nye, restaurerte tak, eit arbeid som vart gjennomført i 1984. Stølen vart sist brukt (bortleigd til) i 1956 av Tomas Mæland (1913–2014) gnr 32/1. Tomas nytta stølen til geitestøl. (Det hadde vore noko diskusjon om garden Bagnsnes, gnr. 32, sine beiterettar. Det vart vist til at garden tidlegare hadde vore husmannsplass under Erdal i Eidfjord, og såleis ikkje hadde rettar i dei andre gardane på Bagnstrond si utmark. Etter eit jordskifte i 2000 fekk Bagnsnes samrøystes del i sameiga på denne stølen). Då dette er sommarstølen til gardane Bolstad, Bagne og Holkasvik, startar me stølsvegen på Hedlaos, vidare opp Nakkane, Bjødnagravena, Drivefossdalen, Budeieklypet, Bygdareaosen, Skiddeve, Budeiegraoten og fram til stølen.

Grasbotn Grasbotn

Dette er ein av fleire stølar med dette namnet i Ulvik. Denne stølen ligg i Grasbotnen vest for Grasbotntjørna og på sørvestsida av Langavasselva, 1100 moh. Her har nok vore ei form for tradisjonell støling i tillegg til at her har vore beite for gjelddyr og småfe. Ein kjenner ikkje til at det her har vore permanent hus, og ein kan i dag heller ikkje finna murresstar etter slike. Beita har nok vore nytta med utgangspunkt i eit lægje mellom nokre store steinar. Me veit at stølen har vore brukt av Holkasvik, Bagne, Sygnestveit m.fl. I seinare tida har hamna vore nytta til hesta- og sauebeite. Stølsvegen: Frå Holkasvik og Bagne gjekk dei om Døgersdalen, over Kyrelvefjellet og ned. Det syner enno mykje av den gamle varda vegen.

Balaonedalen Balaonedalen

Stølen låg oppe i fjelldalen der elva Balaone kjem frå, omlag 800 moh . Det er denne elva Olav H. Hauge tenkte på då han skreiv diktet «Elva bortanom fjorden» -som strevar og dett og dett i eino. Det er elva som har gjeve namn til dalen, og dermed namn til stølen. Balaonedalen var ein lun, god sommarstøl, men i dag finn me berre murar etter ei steinbu. Det er ingen i dag som kjenner til bruken av stølen. Stølsvegen var tung og bratt. Småfe (geiter) kunne dei nok driva opp frå Sygnestveit til Kvannskòre, vidare innover under Balaonenuten, opp Tormoleskòrane og attende til dalen. Dersom stølen har vore nytta til storfe, noko som er usikkert, laut dei ta opp buførevegen til Døgersdalen, opp over Bakkanehøgda og ned i dalen.

Kvannskòre Kvannskòre

Denne vårstølen til Sygnestveit ligg om lag 350 moh. oppe i den bratte lia over garden, på innsida av elva Balaone. Namnet kjem av skjermplanten kvann, som var ei viktig «grønnsak» før i tida. Den veks på fuktige stader og helst til fjells, og var så mykje brukt at den ei tid heldt på å verta utrydda. Kvannskòre er ein typisk geitestøl. I dag finn ein murar etter to små hus. Den bratte stølsvegen gjekk opp over Løhaug, innom Svartaberg og utover, vidare opp rinden. Marta Magnusdt. Ljone (1902–1980) mintest at ho var opp på stølen. Dette kan tyda på at stølen i alle fall var i bruk til utpå 1900-talet.

Florane Florane

Denne lia-/vårstølen til Sygnestveit ligg om lag 200 moh oppe i den bratte lia ut mot Torblå si utmark på austsida av Osafjorden. Her viser i dag tre store husmurar, og namnet kjem nok av florane og sela som stod her. Det var rydda slåtter og åkrar utanfor tuftene. Florane er truleg brukt seinare enn stølen Kvannskòre, kanskje til 1920–30-åra. Den bratte stølsvegen gjekk under Sævarhedler, opp Litleskredo og vidare på rinden innom og opp.

Øydvesela (Bortom) Øydvesela (Bortom)

Dette var vårstølen til dei fire bruka på Øydve den gong då Døgersdalen enno var i bruk som sommarstøl. Stølen ligg ved sjøen på austsida av Osafjorden. Her står to gamle stølshus, og eit nyare hus (bygt i 1939), ein flor og to husmurar. Grunna ulendt beite laut dei gjeta kyrne. Dyra måtte dei ro over Osafjorden til og frå i store kyrabåtar. Desse båtane ligg framleis i nausta i Øydvinstod. Det vart slutt med støling her kring 1900.

Brimmedalstølen Brimmedalstølen

Brimmedalstølen ligg på austsida av Osafjorden, 250 moh. Dette var vårstøI til nokre av bruka på Håheim, bnr. 1, bnr. 3 og bnr. 7. Bnr. 2 selde stølsretten sin til Øydve bnr.3 litt før krigen. Namnet har ein ikkje noko sikker forklaring på, men dei gamle skreiv Brymedalen. Kan det ha noko med fjellbryn/-brun å gjera? Stølen var tungvint å koma til. Først var det i båt over fjorden. Storfe måtte ein ta opp Buførevegen til Døgersdalen, opp over Liastølen 550 moh. og ned att i dalen. På grunn av bratt og ulendt lende like nedanfor stølen måtte dei gjeta kyrne godt. Det syner i dag (2015) to tydelege husmurar til bnr. 3 og 7, og to noko uklare tomter. Støls­huset til bnr. 7 stod fram til 1950- åra. Stølen vart nedlagd på 1800-talet, men vart teken i bruk att av bnr. 7 ei kort tid fram til om lag 1930. Marit Branstveit (1917–) fortel at då ho var i 10-års alderen, var ho med på tur til Brimme­dalen i lag med Olav Lindebrekke (1907–87), som var dreng hjå dei. Då var Ragna Skeie (1908 –97) «Ragna i Køyle» og Anetta Vallavik (1909 – 78) budeier for dei 6–7 kyrne deira på stølen. Olav bar med seg ein strump med mjølk heim att. (Strump var eit lagga trespann som ein bar på ryggen).

Sagena Sagena

Om lag 50 m utanfor elveosen til elva Døgro syner det mur etter eit hus med flor under. Det har vore vårstøl til bruk på Håheim, men ingen kjenner i dag til bruken av plassen.

Døgersdalen Døgersdalen

Døgersdalen er sommarstølen til bruka på Øydve. Stølen ligg mellom vatna i dalføret der elva Døgro renn 710 moh. Her er to fine vatn med mykje fisk. Namnet kjem av elva Døgro, og elvenamnet kjem truleg av at elva veks fort opp i regnver. Nokon meiner namnet har samanheng med at elva veks opp på om lag eit døger, for då er vassmagasina i dalen fulle. Dyra vart først buførde over Osafjorden i kyrabåtar til vårstølen Øydvesela nede ved ­fjorden. Etter ei tid på beite der gjekk buferda opp lia til Døgersdalen. Vegen opp går frå Selavika, opp Rinden, skrått utover til Stegabergflaten, opp ved Borka­heldren, Stegabergskleiva, Liastølen, over Laugaretjørn, Sòtarenolten, Husaleitet og inn til stølen. Med buføra tok det to til tre timar frå fjorden og opp til stølen. Medrekna føringa over Osafjorden gjekk det noko meir. Det eldste huset med gammal tymbra høyrer til bnr. 7, og er det einaste frå gammalt. I 1952 vart det bygt nye hus på bnr.1 og bnr 5 på dei gamle husmurane. Elles viser husmurar etter to hus, eitt på stølen og eitt på nordsida av Øvstavatnet. Det siste vart flytta grunna skredfaren. Her er også murar etter ei gammal stein­bu på austsida av Øvstavatnet. Der er òg eit naust og båtar. Då dei støla i Døgersdalen, var tilgangen på brennevyrke til koking og ysting viktig. Det vert fortalt at dei plukka den mest uspare bjørka først, dvs. bjørk som snøen hadde brote ned og liknande. No veks skogen heilt inn på stølsbøen. Tal frå jordbruktsteljingar frå den tida syner at på Øydvegardane fødde dei 30 – 40 storfe og over 100 sauer. Det var nok ein god støl, men på grunn av at det var tungvint tilkomst og i periodar stor bjørneplaga, vart det slutt på vanleg stølsdrift sist på 1800-talet. Den siste budeia var truleg Brita Ørjansdtr. Torblå (1854–1942). Sonen hennar, Ørjans (1875–1966), var med mora då han berre var 2 år gammal. Stølen vart seinare bortleigd til geite­støI under krigen og ein del år frametter til Lars Fjelde (1893–1975) på Bagnstrond. Frå 1962 og nokre år framover prøvde eigarane å ha gjelddyr her, men det vart for strevsamt. Seinare har ein nytta stølen berre til sauebeite. Lars Prestegard (1923–2012) skriv i boka om Prestegårdsfolket at oldemor hans, Synneva Mandrupsdtr. Øydvin (1808–1901), var budeia i Døgersdalen som ung jenta, og det hende ho laut jaga bjørnen bort med eldfaklar. Rikol Espelid (1930–2015) fortel at besten hans i Dalen, Rikol Håheim, (1852–1928), slo gras i Døgersdalen eit år det var dårleg med høy heime, og han bar det heim.