Gunnarsete

Stølen ligg i lia ovanfor Litlastøl, aust for Kvasshovden, ca 600 moh. Det er truleg mannsnamnet Gunnar som ligg til grunn for stølsnamnet. På Bergo finn me på 1700-talet fleire eigarar med namnet Gunnar. Kan henda er det ein av desse som har gjeve namn til stølen? På Gunnarsete er det rimeleg god tilgang på vatn og ved til koking og ysting, så dette har ikkje vore den største utfordringa her. Gunnarsete er ein støl som opp gjennom tidene har vore nytta av mange bruk i Ulvik. Skeie, Hydle og Hjelmavoll, som også har støla i lag på Fitjo, har til noko ulike tider støla på Gunnars­ete. Også gardar på Bergo har hatt sommarstøl her. I 1802 heiter det at Litle Bergo gnr.60 hadde støl på Gunnarsete, men då er ikkje dei to andre gardane på Bergo nemnde. Mange av sela på Gunnarsete vart tekne av ei snøskreda på 1800-talet, og nye vart bygde opp att på sikrare stad, medan dei gamle murane syner kvar sela låg før. Kring 1937 gjekk det igjen ei snøskreda (snøgyrja) og skubba eit par av sela av tuftene. Bruk 14 overtok selet til Litle-Bergo og flytte det i heil tilstand på sliskar ol. bort på ny mur, der det står i dag. Bruk 6 bygde opp att selet av den gamle tymbra på ny stad, ferdig i 1939. I 1994 sette dåverande eigar av Hydle bnr.1 (Aurdal bnr.1) opp nytt hus. Bakgrunnen er at dette Aurdals­bruket kjøpte bruk nr.1 på Hydle, med stølsrett på Gunnarsete, i 1958. Eigaren av Hydle bnr.2 sette opp nytt hus i 2013. I tillegg til dei ovanfor nemnde husa er det tre–fire gamle murrestar etter stølshus på Gunnarsete. Då fleire av brukarane på Gunnarsete hadde vårstølane sine på Fitjo, startar me stølsvegen her. Frå Fitjo gjekk dei opp Lødalen og opp langs den høgste ryggen i skogen/utmarka til Gunnarsete. Stølstida på Gunnarsete var frå kring 1. juli til midten av september, og dei siste som støla her, slutta kring 1925.
6,0
camera
Innhold

Denne mappen er tom.