Furesete

I utstrekning er dette eit stort, vidt stølsbol, som ligg frå 420 til 445 moh. Stølen ligg i lia vestom Lindebrekke. I tillegg til bruka på Lindebrekke har Furesete vore hovudstøl for bruka på Audnaland/ Undeland og Sponheim. I alt har åtte bruk hatt stølsrett her. Stølsbolet er som nemnt vidt, og sela ligg spreidd med opp til 450 m mellom stølshusa. På grunn av rikeleg tilgang på materialar vart det bygt til dels store stølshus. Mange av bruka hadde eigen flor med høyloft over og møkakjellar under. Nokre få hadde flor under selet, slik det var vanleg andre stader, og som nok var det opphavlege også her. Dette stølsbolet har i hovudsak vore nytta som sommarstøl, og her er gode beite i tillegg til at her er store stølstræe. Stølstida på Furesete var heller lang, dei rekna frå jonsok til mikkelsmess (29. september). Dette stølsbolet har i hovudsak vore nytta som sommarstøl, og her er gode beite i tillegg til at her er store stølstræe. Stølstida på Furesete var heller lang, dei rekna frå jonsok til mikkelsmess (29. september). Vatn og ved har truleg aldri vore noko problem, men med tre gardar og mange bruk vart her frå siste delen av 1700-talet knapt med beite. (Sjå støl nr. 76, Beiteskard). I 1826 byrja to av brukarane her å støla i Sotebotn (sjå støl nr. 42). I 1850 kjøpte Pål Sjursson frå bnr.5 på Sponheim ein stølsrett i Bjoreidalen som dei hadde i om lag 20 år. I matrikkel­arbeidet frå 1723 er det på desse tre gardane registrert 64 storfe, og dei kunne sleppa om lag 90 sauer på beite. I 1865 er desse tala auka til 77 storfe og 232 sauer. I 1845 var det i tillegg registrert ca 40 reinsdyr på desse tre gardane, og dei skulle også ha tilgang på beite, truleg i dei same områda som sauene nytta. På Furesete er det store utslåtter, og her vart hausta mykje høy, frå eitt til fem lass på dei ulike bruka, etter bruksstorleik (skyld). I dag står her sju stølshus og tre florar, og dessutan murar etter tre andre hus. Den gamle bygdevegen mellom Ulvik og Granvin over Angerskleiv går rett forbi ­stølen. Tek me stølsvegen frå gardane mot Furesete, så gjekk Lindebrekke sin stølsveg frå mjøstølen utanfor garden og bratt opp Vetletellstigen, også kalla Gamletellstigen, og vidare i slakare stigning fram til Lindebrekkesela nedst på Furesete. Etter at denne vegen vart omlagd opp noverande Tellstig i 1840-åra, vart det mest naturleg å bruka denne. Med litt god vilje kunne ein faktisk køyra med kjerre der! Frå Sponheim og Undeland gjekk stølsvegen utover skogsryggen som blir kalla Reie, der skogsbilvegen går i dag, ut til vegkrysset som av mange vert kalla Øyane. Derifrå nokså bratt opp under noverande traktorveg og vidare i mest bein line mot Furesete til sela åt Sponheim bnr.6. Gangtida frå Sponheim til Furesete er om lag ein time, noko lenger med buføra eller tung bør. I dag er her god traktorveg frå Øyane og heilt fram til stølen. Det er Skraolebekken som renn forbi støls­bolet. Ut på 1950-60-talet slutta dei fleste med stølinga. Sara Maria Lindebrekke (1911–1997) frå bnr.3 på Lindebrekke var truleg den siste budeia. Ho heldt ut til kring 1970 med nokre kyr . På Sponheim bnr. 4 var Brita Velken frå Granvin den siste som støla, fram til 1966.
6,0
camera
Innhold

Denne mappen er tom.