ØvstestølenStølen ligg på fjelltromma sør og opp for Frystetjørna og har vore sommarstøl for Ytre Tveito gnr. 75/1. Stølsvegen gjekk om Liastølen, opp til Frystetjørna, Muggefar og vidare opp Øvstestølsgjelet til stølen. Frå stølstræet har ein svært god utsikt sør- og austover, der stølen ligg om lag 635 moh. Det er lenge sidan det sist vart støla på Øvstestølen, og i dag finn me berre murar etter eit heller stort stølshus og eit uthus eller flor. Med utgangspunkt i støls- og beiterettane på Øvstestølen sette eigaren av Ytre Tveito bnr.1 i 1992 opp ei sankebu (Løbu nr. 83). Bua ligg ca 860 moh., og ho vert nytta som kvilebu/tilsynsbu. Om lag 200 m søraust for Løbu, ca 785 moh, finn me restane etter Trosete (Trosasete). Plassen har truleg aldri vore nytta som støl, verken av dei som sette opp murane eller av andre. Etter det soga seier var det brukaren av vårstølen Ure som i si tid prøvde seg med støling her, men vart jaga av grunneigarane på Tveito før han fekk opp sjølve stølshuset.http://api.medialog.no/ulvik/royneskor2013vetlestolen/ovstestolen-2http://api.medialog.no/@@site-logo/medialog_logo-19.jpg
Øvstestølen
Stølen ligg på fjelltromma sør og opp for Frystetjørna og har vore sommarstøl for Ytre Tveito gnr. 75/1. Stølsvegen gjekk om Liastølen, opp til Frystetjørna, Muggefar og vidare opp Øvstestølsgjelet til stølen. Frå stølstræet har ein svært god utsikt sør- og austover, der stølen ligg om lag 635 moh. Det er lenge sidan det sist vart støla på Øvstestølen, og i dag finn me berre murar etter eit heller stort stølshus og eit uthus eller flor. Med utgangspunkt i støls- og beiterettane på Øvstestølen sette eigaren av Ytre Tveito bnr.1 i 1992 opp ei sankebu (Løbu nr. 83). Bua ligg ca 860 moh., og ho vert nytta som kvilebu/tilsynsbu. Om lag 200 m søraust for Løbu, ca 785 moh, finn me restane etter Trosete (Trosasete). Plassen har truleg aldri vore nytta som støl, verken av dei som sette opp murane eller av andre. Etter det soga seier var det brukaren av vårstølen Ure som i si tid prøvde seg med støling her, men vart jaga av grunneigarane på Tveito før han fekk opp sjølve stølshuset.