Vestrheimskleppe

Denne stølen ligg sørvest for Kongsberg i ca 515 m høgd og er i dag vår- og hauststøl for Vestrheim bnr.2. Lekken kleppe er nytta fleire stader i Ulvik (Aurdalskleppe, Øydvekleppe), og namnet kjem av klepp, som tyder hjall, ei framstikkande hylle. Ivar Aasen forklarar det med bergknaus, fjellpynt. Stølen har alltid hatt god tilgang på ved til koking og ysting, men i turre periodar har det skorta på vatn. I tidlegare tider vart stølen nytta som vårstøl for dette bruket før dyra (storfeet) vart førde til fjells. Bruket har mellom anna nytta ein stølsrett i Hestastòena. (Sjå meir om dette under stølen Hestastòena). Frå 1947 til 1964 støla bruket på Torbjørnstøl på Finse. Etter denne tid har beita på Finse vore nytta som sauebeite. I dag står det to hus på Vestrheimskleppe. Det eldste vart sett opp av Helge Sygnestveit (1909–1996) i 1943/44 som erstatning for det gamle selet som brann ned under ei jonsokfeiring i 1930. Dette bygget er eit grindbygg, sett opp av lokale ­materialar, men kledning m.m. måtte køyrast og delvis berast opp frå Aurdal. Vegen som vart nytta, gjekk vest for stølen og ned til garden Aurdal, der bruket har rett til vinterveg også i dag. Det nyaste selet er sett opp i 1990 av ei gammal tymbra som kom frå eit sel på Løyning. Tidlegare eigar av dette selet var Kristofer Frimann Nilsson Hjeltnes (1915–1989) frå bnr. 8, Øvre Hakestad. Fram til 1987 sto her også ein gammal flor frå 1700-talet, men han bles ned dette året. Denne floren fekk nok òg ein skade i 1942 då nokre karar løypte ved, og ei bør ved eit uhell gjekk gjennom eine veggen. Den vinteren hogg dei mykje ved i lia vest for Kongsberg og løypte han ned i to etappar, ein ned til stølen og den siste ned til Kaos. Fleire stader kring stølsbolet finn ein i dag meir eller mindre samanhengjande steingardar, og oppå murane var det før ein pasgard av brakje, kvist og greiner. Dette for å halda dyra innanfor området. I dag er mykje av beita kring stølen inngjerda, og dei vert nytta til vår- og haustbeite for sau og noko sommarbeite for storfe. Aust for stølen ser ein murar etter eit eldre stølsbol. I tillegg til stølsvollen var her to slåtter, Gryvletræet og Vetlatræet, og på kvar av dei sto det ei utløe. Vidare står det i dag att noko av bjørka som tidlegare vart stua og nytta til lauvskjerv. Dette lauvet, saman med høyet, vart lagra i desse løene, og om vinteren vart fôret drege på skikjelke ned ei skòr ved Gryvletræet, forbi Strytesteinen, ned Storakløvet og til Vestrheim. I dag er det traktorveg frå Vestrheim og heilt fram til stølen, ein veg som vart bygd ferdig i 1964.
3,0
camera
Innhold

Denne mappen er tom.