Hallingskeid–Grøndal

12,0
Innhold
Hallingskeid Hallingskeid

Dette stølsbolet ligg ned- og sør for jernbanestasjonen på Hallingskeid, på flaten på nordsida av elva Moldo, omlag 1025 moh. Dei gamle kalla stølen for Hadlingasjei eller berre Skei. Namnet kjem av stemneplassen og skeidet som var her på flatane i tidlegare tider, der hardingar, vossingar og hallingdøler m.fl. ­møttest til marknad og stemne. Dette skeidet har også gjeve namnet til jernbanestasjonen. Stølen vart utskild frå Grøndalsstølane og teken i bruk kring 1820. Det var truleg Sygnes­tveit bnr.1 som først hadde støl her fram til ut på 1920-talet, då stølen vart seld til Osa bnr.6. Stølen har tilgang på gode beite, men dårleg tilgang på god ved, så her har det nok vore vanleg å spe på med brakje, vier, lyng og kjese. Me kjenner ikkje til at det har vore nytta torv til brenne på nokon av stølane i Ulvik. Her står i dag tre stølshus og to florar. Stølsdrift vart nedlagd i 1950-åra. Thea (1909 –92) og Lars (1902 –70) Tveito frå plass I, Storøyne, under Sævartveit, bnr.1, var dei siste som støla her.

Grøndal Grøndal

Stølen ligg på nordaustsida av Nedre Grøndalsvatnet, på oppsida av Rallarvegen, 985 moh. Dette er sommarstølen til gnr. 39 Sævartveit, bnr. 1 og 2 og bnr.8 frå gnr.37 Osa. Det ser ut til at dei flytte frå Øvre Grøndal og hit på1820-talet. Også beita kring denne stølen har vore rekna som svært gode, og med bakgrunn i dei gardane som støla her, kunne det ut frå jordbruksteljinga i 1907, vera knapt 100 geiter på denne stølen. Dei fyrst stølshusa her oppe var bygde av stein, og slik stod dei fram til kring byrjinga av 1900-talet. Steinhusa var kalde, og det var vanskeleg å halda varmen, då veden (vier, røter m.m.) ikkje alltid var turr. Hus av tre kom til Grøndal rett før 1900, og selet til Sævartveit bnr.2 kom frå furuskogane på Frønningen i Sogn. Der vart huset lafta ferdig, teke ned og frakta med båt til Flåm, og så køyrt med hest og slede på den nye anleggsvegen opp til Grøndal. I dag står her tre sel og eit par uthus. Me finn også fleire murar etter eldre stølshus/lægje. Sævartveit bnr.2 slutta med aktiv støling i 1973, medan Sara Sævartveit (1942–) frå bnr.1 støla med geiter heilt fram til 1988.

Tuftena Tuftena

Stølen Tuftena ligg på vestsida av Nedre Grøndalsvatnet, 985 moh. Stølseigarane her er Osa, gnr. 37 bnr.1, 3/7 og 4. Namnet kan tyda på at stølen i si tid vart bygd opp att på tufter etter ein tidlegare støl. Dette er ein sommarsøl med svært gode beite, og i dag står her tre stølshus. Det finst òg restar etter to steinbuer. Eit par hundre meter søraust for det gamle stølsbolet er det sett opp to nyare (støls)hus, det eine i 1975 og det andre i 1994. Eigarane her er gnr. 37 bnr.10 og 3/7. På Tuftena slutta dei med tradisjonell støling i 1974. Stølsvegen til dei tre stølane Tuftena, Grøndal og Hallingskeid er felles opp frå Ossete. Dei starta med å kryssa Tverrelva, vidare opp til Våtekleiv og Kjølshaug. Dette namnet kjem av at det her ofte var kaldt og ein sur trekk. Neste stopp er Kjeringakleiv, som er ein stein med ei helle. På denne hella er det rita nokre initialar, truleg av Jon Eriksson Svahn (1881–1975). Under denne hella skulle ein alltid leggja ein einøre når ein for forbi, og difor er plassen også kalla Pengesteinen. Vidare opp og forbi dei tre Revena, og her oppe deler vegen seg i to. Dei som skulle til Hallingskeid, tok no austover til Sverdshogg og Gunnulven. Ved Gunnulven hadde dei før lagra sledar, og dersom det om våren var brukande skareføre, kunne ein no ­leggja kløva på sleden, og gjerne ta med fleire kløver. Så bar det vidare over Kverven, nordom Buadalsbrotet og ned Buadalen. Den siste hin­dringa var kryssinga av elva Moldåni, før dei kom fram til stølen. Om hausten kunne ein gjerne bruka same transportmåten tilbake til Gunnulven. Dei som skulle til Tuftena og ­Grøndal, gjekk frå Revena til Skraostein, ­Hegrabotnen, opp Hegrabrekko til Sauarjuven og over Osaskavlen og ned til Storrjuven. Så ned Hovda­brekko, Moldabrekkedalen, langs med Moldabrekke-elva og ned sjølve Moldabrekko. Her var det vanleg å leggja inn ei kvild, men som regel vart ikkje denne kvilda så lang, for dyra vera Grøndalen, kjende seg att og ville fram. Siste økta starta med å kryssa elva som renn inn i Øvre Grøndalsvatnet, forbi Bukono til Kleivaskar, så skryssa «storelva» på brua og så var ein framme i Grøndal. Til Tuftna gjekk ein beine vegen frå Øvre Grøndal og ned, om lag ein halv times gange. Dei gamle rekna at ei normal buføra frå Ossete til Grøndal tok om lag sju timar, men det kunne også gå meir tid, særskilt når vårsnøen var blaut.

Øvre Grøndal Øvre Grøndal

Stølen låg på nordsida av Øvre Grøndalsvatnet, 1060 moh, om lag 2 gamle mil frå Osa I øvre Grøndal er det store, grøne beite­vidder , men her er vêrhardt, og det har vore tungvint med ved til koking og ysting. Øvre Grøndal var ein rein sommarstøl . Dette er truleg den opphavlege Grøndals­stølen, og etter det me veit, vart han teken i bruk fyrst på 1700-talet, og etter opplysningar i matrikkelen av 1723 hadde Sævartveit då støl her. Osa har nok kome etter ikkje så mykje ­seinare. I alle fall hadde Osa støl her i 1736, der det finst skriftlege kjelder frå ei retssak. I dag finn me restar etter to steinbuer eller sel. Stølen vart flytt ned til nordenden av Nedre Grøndalsvatnet kring 1820-åra. Litt lenger framme i dalen (om lag 500m aust for murane etter stølen) finn ein tufta etter det som må ha vore eit større hus, ca 8x5 meter. Dette er truleg tufta etter den gamle marknadsbua, knytt til marknadstradisjonen og skeidet på Hallingskeid. Kring 1970 hadde Buskerud fylkes­­kommune registreringar langs ­Nor­manns­lepene på Hardangervidda, og dei var så langt vest som til Hallingskeidtraktene. Denne tufta vart då oppmålt/registrert. Lokalt vert restane etter denne bua av somme kalla Kongsbu.