Slondal

Stølen i Slondal er nemnd skriftleg så tidleg som i 1322, men er nok mykje eldre. I eit brev frå 1340 vert det sagt at Sigurd på Håheim kjøpte stølen av vossingar. Det første stølsbolet var nok der stølen Slondal ligg i dag, men det vart etter kvart flytt ut frå dette støldsbolet, først til sørenden av vatnet til Brauaone, då kalla Øvre Slondal og seinare nordaustover til Dalen. Slondalsstølen ligg om lag 765 moh i ein sidedal til Raundalen mot sør på austsida av Mjølfjellet. Slondal er mellom dei eldste fjellstølane i Ulvik og vert rekna for å vera ein av dei beste. Førelekken Slon i namnet er det ikkje funne noko tyding på, men landskapet her i dalen i høve til fjella rundt kan kanskje tyda på at det har noko med lun, grøderik å gjera. Stølen Slondal ligg om lag midt på austsida av Slondalsvatnet og er ein stor støl med gode beite og ti velhaldne stølshus. Frå gammalt var det gardbrukarar på Åsen som støla i Dalen, Slondal og Brauaone. Seinare har nokre andre kome til på litt ulik vis. Bruka under gnr. 45, Kvåle har kome til etter 1723. Stølseigarar i Slondal no er Hjeltnes bnr.1 og bnr.2 (Skjølavikje), Viknes, bnr.1 og bnr.4 (Solheim), Kvåle bnr.1, bnr. 2 (Dokkje), bnr.3 og bnr.4 (Hauge) og Håheim bnr.1 (Dalen). Vattatveit hadde frå gammalt eit sel som vart i dårleg stand og datt ned. Seinare fekk Kvåle bnr.1 overta tomta og sette opp eldsel på murane. Eigar av Vattatveit, Øyvind Haga (1946–), bygde nytt stølshus litt oppom dei andre sela i 1976. Dette vart teke av snøskred i 1990. Han bygde då nytt stølshus i stølsbolet i 1995 -96. Kvåle bnr. 4 (Hauge) bygde stølshus i 1987. Ved utlaupsosen til Slondalsvatnet er det tre naust. Det er stølseigarar både i Slondal og Brauaone som eig desse nausta. Ved Fagradalsvatnet er det òg båt og naust. Dette er i sameige mellom stølane Slondal, Brauaone og Dalen. I Slondal har det frå gammalt vore mange dyr på beite. Jordbruksteljingar frå 1723 syner vel 40 kyr/storfe i Slondal, i 1865 var det om lag 75 og i 1907 om lag 55. Samtidig beitte det om lag 150 sauer. Teljingar frå 1950-talet syner 55 storfe og 150 sauer. I 2013 var det første året at det ikkje var kyr på beite i Slondal. Men tal sauer har auka mykje dei siste åra. No vert det gjerne sleppt opp mot 400 vaksne sauer med lam på beite. Dette er viktig også for å halda kulturlandskapet i hevd. Ein viktig føresetnad ved ein god støl er god tilgang på vatn og brennevyrke. I Slondal har ein godt med vatn i Slondalselva, elva som skil Slondal og Brauaone. No veks bjørk og vier tett i liene på stølen. Slik var det ikkje den tid då det vart ysta og kokt i mange sel. Då gjekk det med mykje ved, og difor har stølseigarane i Slondal rett til å hogga ved i lia nedanfor ­Slondalsosen. Buførevegen til Slondal er lang og tung (sjå eigen artikkel om Høgfjellsvegen), så etter at det kom bilveg og jernbane vart det vanleg å frakta dyra med bil til Granvin og vidare med tog til Upsete eller Vieren. Nokre år frakta ein storfe med bil til Voss og vidare med jernbanen. Men det hende også at kyrne vart buførde heile vegen frå Ulvik til Slondal etter køyrevegen, då med overnatting på Voss (Bjørke). Seinare har ein frakta dyra både til fjells og heim att med dyrebilar, traktorhengjar og biltilhengjar. Siste året det var buføring til Slondal over høgfjellet med sauer var i 1953 eller 1954. Buføringa heim om hausten over fjellet med sauer tok slutt tidleg på 1970-talet. Kåre Olai Solheim (1970–) fortel at far og bestefar hans buførde kyr heim det han kan hugsa. Det må også ha vore midt på 1970-talet. Då buførde dei heim gjennom Tyssedal. Tradisjonell støling i Slondal tok slutt ein gong på 1960-talet. Siste budeia i Slondal var Margreta Kvåle (1892–1986). Siste åra var Margreta og mannen Ola (1892–1974) saman på stølen som kårfolk. I fleire år var barne­barnet Olav Kvåle (1951–) med som budeiebalt. Han er nok den siste budeiebalten i Slondal. Nokre år frå midt på 1970-talet var Berta Kvåle (1912 – 2010) og mannen Jørgen Kvåle (1913–1993) i Slondal og gjelda av kyrne. Mjølka vart ikkje levert til meieriet, men dei sette m.a. rjome­kolle som dei selde til fjellfolk i tillegg til mjølk. Seinare har stølen vorte nytta til gjelddyr og sauer. No vert stølen nytta av brukarane for tilsyn med dyra, men òg mykje til fritid og sosiale samkomer. Både unge og eldre i familiane er knytte til stølen med sterke band.
4,0
camera
Innhold

Denne mappen er tom.