Tyssedal–Hestastòena

10,0
Innhold
Tyssedal Tyssedal

Stølsbolet ligg på austsida av Tyssedalsvatnet i ca. 630 m høgd, og var sommarstøl til nokre bruk på Oppheim, Solbjørgo og Hjelmavoll m.a.. Både dalen og stølen har namnet etter elva Tysso. Det kan vera fleire tydingar av dette namnet, men det vanlege er å gå ut frå at det kjem frå tvis, tve, dvs. todelt. Det vil altså seia elva som deler seg. I 1865 har det vore om lag 45 storfe og 120 småfe på beite her. I 1907 var dei same tala om lag 35 og 170. Då det ikkje er så store beitevidder her, er det ikkje rart at det vart passa på kvart strå, og at dei som skulle til Mjølbotn, Slondal m.v. ikkje fekk buføra denne vegen. I dag står det tre stølshus i Tyssedal, det er husa til Oppheim bnr. 7, Hjelmavoll bnr.1 og Solbjørgo, bnr.1. I tillegg er her murar etter sela til Oppheim bnr.1 og 6. Den siste muren (55/6) er no ein del av 55/3 sin støls- og beiterett i Tyssedal. Bakgrunnen er ei jordfordelingssak etter tidlegare eigar av 55/6, tinglyst i 2001, der 55/3 kjøpte desse rettane. Stølsvegen frå gardane nede i bygda er den same som vart nytta til Sotnòs. Så går vegen vidare inn Tyssedalen til Øyane. Her går ein over store flatar, som nok tidlegare var slåtter, og kjem til Oddmundshaug. Her var kvileplass for buførene til Slondal m.m. etter at dei sist på 1920-talet fekk vegrett gjennom Tyssedalen. Oppe i Oddmundshaug hadde raundølene eit lite hus der dei kunne ta inn når dei var på kyrkjeveg. Så ber det i svingar opp dei bratte Kleivane før ein kjem opp til vatnet og fram til stølen. Vegen held fram bratt opp til Fessavatnet. Fadlet var eit vanskeleg parti, og dei måtte ofte ha dugnad for å utbetra vegen der. Når ein er komen opp Fadlet, går det også ein veg oppover til høgre til Slondal. Til Vesete går vegen no til venstre og nedover framom den særmerkte fjellformasjonen ­Jeriken og vidare framom Venure. Vegen over Fadlet til Mjølfjell var i gammal tid ein viktig ferdsleveg (saltveg) mellom dei ytste gardane i Raundalen og Ulvik (sjøen). Vegen har òg vore nytta som kyrkjeveg for bruka øvst i Raundalen, då kyrkja i Ulvik låg laglegare til enn kyrkja på Vossevangen. Eit prov på dette hopehavet er at det ved den gamle kyrkja på Hakastad var ein «Raundals­allmenning», der raundølene hadde rett til å binda hestane sine. Dette er mellom anna ­stadfesta i ei rettssak i 1726.

Hestastòena Hestastòena

Dette er ein sommarstøl som ligg i ein fjellbotn nordaust for Espelandsfossen og nordvest for Brattenuten. Stølen ligg om lag 890 moh. Namnet stò/stod kan tyda samlingsplass (same som båtstø) eller kvileplass for dyr, i dette tilfellet hest. Her er i dag restar etter murar av to små hus på sørsida av bekken, der det truleg har lege ein eldre støl, medan det er murar etter eit «nyare» hus på nordsida av den same bekken. Opp gjennom tidene har denne stølen vorte kalla både Nyastøl og Øystrebotnen, det siste truleg for å skilja han frå Espelandsstølane Botn og Nordebotn. Stølen vart kjøpt attende frå Lillegraven i Granvin i 1792 av Jon Sjursson Vestrheim (1773–1864), bnr.2 på Vestrheim. Før den tid hadde stølen fleire eigarar, både i Ulvik og Granvin. Det ser ut til at stølen opphavleg har vore eigd /nytta av gnr. 99, Espeland. Siste året Vestrheim støla i Hestastòena på tradisjonelt vis var truleg i 1902, men nokre år etter 2. verds­krigen nytta Helge M. Sygnestveit (1909–1996), på Vestrheim bnr.2 stølen til sauebeite. Støls­vegen til Hestastoena er den same som mellom anna vart nytta til Sotebotn.

Sotnos Sotnos

Dette stølsbolet, som også omfattar Frammitunstølen, ligg ca 300 moh., og det er delt i to av elva Tjørnarå som kjem i frå Solsævatnet og renn framom stølen. Stølen har i hovudsak vore nytta av gnr. 55 Oppheim. Namnet har stølen fått etter den høge og bratte fjellnuten, Sotenuten, og namnet kan koma av å su`ta dvs. å ropa eller huja. Kanskje av at fjellsida her gjev eit brukande ekko? ­Namnet kan også koma av ei suta, som Ivar Aasen forklarar med ei avrunda steinblokk. Toppen av Sotenuten har ei tydeleg avrunda form sett frå Sotnos. Stølsvegen er den same som mellom anna hakastadbruka nytta fram til Søylevad. Her i frå tok dei opp og nordvestover Krokane, opp Skrindarkleiv og vidare ned i Smedalsbotnen, over Sotnosleitet og til Frammitunstølen eller vidare over Tjørnarå til Sotnos. På sørsida av elva (kalla Frammitun) hadde opphavleg Oppheim bnr.1, 3, og 4 sela sine, medan bnr.6 og 7 hadde husa sine på nordsida av elva. Sotnos vart i hovudsak nytta som vårstøl, og stølsbolet hadde god tilgang både på vatn og ved. I jordbruksteljinga 1865 er Oppheim registrert med 54 storfe og 134 sauer. I 1907 er tala 36 og 155. Gjennom ein gard­handel midt på 1700-talet vart Oppheim bnr. 5 sin stølspart på Sotnos (på kva sida av Tjørnarå bnr.5 hadde sin støl, kjenner me ikkje til i dag) bytt ut med ein stølsrett på Fitjo, slik at Hjelmavoll bnr.1 fekk stølsrettar på Sotnos og i Tyssedal fram til utskiftinga i 1944. Då vart Hjelmavoll bnr.1 flytt frå Sotnos og attende til Fitjo medan bruket framleis har stølsrettane sine i Tyssedal. Stølshuset til Hjelmavoll vart i 1999 kjøpt av eigaren av 55/3, og ved ei jordfordelingssak etter tidlegare eigar av 55/6, tinglyst i 2001, kjøpte 55/3 grunnen kring dette stølshuset, og denne parten vart så samanslegen med utmarksteigen til bnr.3, som ligg på andre sida av Tjørnarå, der stølen Frammitun tidlegare låg. Særmerkt for Sotnos er det store stølstræet på om lag 12 mål, som etter 2001 har høyrt til bruka 6 og 7. Dei andre bruka hadde òg eit stort stølstræe, men dette var noko myrlendt, og det er i dag delvis tilgrodd med skog. På desse stølstrea vart det år om anna hausta ein god del høy. I dag står det to stølshus og to løer/florar på Sotnos. Der Frammitunstølen låg, er det i dag berre nokre murrestar att. Sotnos vart, som mange andre stølar i Ulvik, redninga under evakueringa sommaren 1941. I tre sel og to høyløer budde det i alt 22 personar i dei to månadene evakueringa varde.

Sotebotn Sotebotn

Dette var ein sommarstøl som låg i ein såkalla hengjedal på nordsida av Sotenuten, ca 830 moh. Trass i at Sotebotn høyrde til Oppheimsgrenda sitt beite/slåtteområde, var det andre gardar i Ulvik som ynskte å ta i bruk desse beita til støling. I 1804 søkte Aslak A. Aurdal (1774–1844), Aurdal bnr.6, om å få rydda Sotebotn mot ei lita avgift til Kongen. Då søknaden vart opplesen på kyrkjebakken, kom det protestar frå Oppheimsbrukarane. Dei påstod at dei hadde hevd på Sotebotn til slåttemark, og Aslak måtte gje seg. 10. januar 1826 fekk Gjert H. Lindebrekke (1795–1860) og Johannes J. Sponheim (1758–1844) ein avtale med to brukarar på Oppheim om å leiga beitet til støl for 24 skilling årleg leigeavgift. Dei bygde hus og støla her fram til kring 1870. (Det var nok sonen til Johannes, Ola (1798–1878), som var med og bygde og seinare dreiv stølen, sidan Johannes i 1826 var ein eldre mann). Det er fortalt at medan dei arbeidde med mu­rane, kom ein bjørn oppe i lia. Karane hoppa opp på muren og stod klar med spett og andre reiskap. I dag finn ein grunnmurrestane etter fire hus her oppe. Stølsveg frå bygda til Sotebotn var mellom dei tyngste. Dyra, i alle fall kyr og hest, måtte drivast eit stykke inn i Espelandsdalen, så opp attmed Espelandsfossen, framom granvinstølen Botn og vidare inn og opp dalen til Nordrebotnen og Trollabotnen, for så å ta over Hestastònuten (nærare 1400 m høgd) og ned til stølen. I ei sak hadde brukaren av Hestastòena protestert mot at dei kunne få nytta den noko kortare vegen framom denne stølen.* Sauer, geiter og folk kunne på eit vis ta seg opp til stølen direkte frå Øyane i Tyssedalen, via svært bratte skòrar. Det seiest òg at ein kunne buføra med kyr og hest via Tyssedalen og Fessavatnet og så sørover høgdene og ned i Sotebotn.

Øvre Skòr Øvre Skòr

Øvre Skòr ligg høgt oppe, over skoggrensa i 900–meters høgd, på austsida av Skòraelva, på ein hjall nedanfor Mjølkehaugane. Dette var òg sommarstøl for bruk på Torblå. No viser det murar etter tre små hus. Bnr.1 sette opp nytt tymbra hus her i 1990, litt aust for Mjølkehaugane og ovanfor den gamle stølen.

Nedre Skòr Nedre Skòr

Stølen Nedre Skòr ligg opp og nordaust for Rubbelie og på vestsida av Skòraelva, ca. 660 moh. Her var sommarstøl for bruka på Torblå. Namnet tyder at stølane Øvre og Nedre Skòr ligg på kvar sin hjall, eller hylle i fjellsida. Det viser murar etter 7–8 stølshus. Det er ikkje kjent kva tid stølen var i bruk, men han vart tidleg nedlagd. Ein veg til stølen går frå Rubbelie aust- og oppover. Ein annan veg går frå Solsæ og opp Skòrastigen, noko lenger aust.

Rubbelie Rubbelie

Stølen Rubbelie ligg på nordsida av Solsæ­vatnet, rundt 480 moh. Det er rekna for å vera ein tidleg vårstøl. Stølen vender mot sør men er brattlendt. Namnet forklarar Ivar Åsen med ordet rubben (adj.) med knudret, ujamn, og det kan høva godt på liane her med knausar, steinar og tuer. Det var bruka på Torblå (gardsnr. 48) som hadde støl her. Sela låg tett i ein bratt bakke. Her viser murar etter ni hus. Bnr.9 sitt sel står enno. Den store snøvinteren 1962 vart selet til bnr.9, Gullabakken, teke av skredvinden og blese av murane, men dei fekk jekka det opp att om sommaren. Eit stølshus til bnr.3 frå 1947, står nedom det gamle stølsbolet, og eit hus til bnr.8 vart bygt i 1960-åra. Då stølinga var på si høgd på 1800 – talet syner jordbruksteljingar at garden Torblå fødde kring 50 storfe og om lag 150 sauer. Det vart slutt med stølinga her før krigen. I seinare tid har det berre vore sauebeite, og dei siste åra har sauetalet auka mykje i grenda. Buførevegen til Rubbelie går om Solhovden, Gaorhovden og til Solsæ. Vidare på nordsida av Solsevatnet. Om Salmesteinane, som ligg snaue 100 m aust og ned for stølen, vert det fortalt at her sat budeiene på kyrkjesundagane og song salmar medan dei kunne høyra kyrkjeklokkene.