Dalsete

Stølen Dalsete ligg mindre enn ein kilometer inn frå fjelltromma ovanfor Hallanger,731 moh. Dalføret (Stokkseldalen) går over mot Granvin, og munnar på denne sida ut ovanfor Kvammen. Namnet tyder: Stølen eller setra oppe i dalen. Ved Dalsete beiter feet frå Hallanger og Valla­vik til bytes med feet frå Kjerland i Granvin. Om denne beitinga var det ein del strid i eldre tid. Brukarane på Kjerland skulle til dømes ikkje beita på Dalsete før brukarane på Hallanger kom til støls. Men etter at Hallanger flytte frå stølen etter fire – fem veker, kunne Kjerland beita der, slik dei hadde gjort frå gammal tid. Frå jordbruksteljinga i 1865 og 1907 ser ein at bruka på Hallanger fødde om lag 50 storfe og kring 150 sauer, så det var mange dyr på beite på Dalsete om somrane. Her står no tre gamle og to nyare stølshus, og ein kan sjå restar etter to husmurar. Vinteren 1928 var ein lei skredvinter på Vestlandet. Då vart to av sela nærast bekken, aust på stølsvollen råka. Selet til bnr.4 vart då flytt til sørsida av tjørna. I 1930-åra brann selet til bnr.2, og det vart sett opp eit mellombels lite hus. Nytt hus på dei gamle murane vart ikkje bygt før i 1991. Bruk 6 bygde nytt stølshus på den gamle muren som høyrde til bruket, i 2014. På Hallanger, som mange andre stader, var det vanleg at grenda og andre samlast på stølen ei helg om sommaren, såkalla gjestarhelg. Sommaren 1910 var mange samla då den 19 år gamle Jørgen Hallanger (1891–1910) drukna i Demmo (ved Dalsetetjørna). Han var farbror til Torgils Hallanger(1931–) på bnr. 3. Stølsvegen gjekk opp lia ovanfor garden til Skarvet. Vidare opp framom Labbasteinen (Budeiena gjekk på labbane opp hit, og la dei frå seg under denne steinen), Segelbrekkena, Fjellkleiv, øvsta og nedsta Storakleiv og vidare til stølen. På Dalsete vart det støla fram til noko etter krigen.
3,0
directions_walk
Innhold

Denne mappen er tom.