Uppsete–Vesete

12,0
Innhold
Vetla Uppsete Vetla Uppsete

Stølen Vetla Uppsete ligg nær jarnbanelina, ikkje langt frå Upsete stasjon, litt sør for munninga av Gravhalstunellen 850 moh. Dette er støl både for sogningar og gardar i Ulvik. Frå Ulvik er det nedre Lekve, gnr. 49, bnr.2 (Vodlen) og bnr.4 som har stølar her. Stølen ligg no i Aurland kommune etter at kommune- og fylkesgrensa vart endra i 1941 og stadfesta ved Kongeleg resolusjon etter krigen. Stølen var før det matrikulert under Lekve, gnr.49 etter at Pål Lekve kring 1820 kjøpte halve Vetla Uppsete av folk i Aurland. I 1903 fekk Per Lekve overta tredjeparten av stølen Uppsete. Namnet vert skrive på ulikt vis, både som Vetla Oppsete eller Vetla Uppsete. Namnet tyder på at dette er ein del av eit større stølsbol, nemleg Store Uppsete som ligg noko lenger vest. Dette er ein sognastøl som høyrer til Brekke-gardane i Flåm. Store Uppsete låg opphavleg der Upsete stasjon ligg i dag, men måtte flytta då jarnbanen kom. Av jordbruksteljingane frå 1865 og 1907 syner det at dei ovannemnde bruka på Nedre Lekve hadde 30–40 storfe og 80–100 sauer, som då gjekk i dette stølsbeitet. Frå gammalt gjekk buførevegen over høgfjellet. Det var ein lang og tung buføreveg, sjølv om dei starta frå vårstølen Lekveskore 525 moh. (Sjå eige stykke om Høgfjellsvegen). Då det kom køyreveg til Voss i 1901, Bergens­banen vart opna i 1909 og Granvinsbana kom i 1934, vart det etter kvart vanleg å frakta dyra med lastebil til Granvin og vidare med tog til Voss. Der kom dei om kvelden og måtte venta heile natta før vogna vart hekta på eit tog kl 06.00 om morgonen. Då var dei framme på Uppsete tidleg om morgonen. Frå midt på 1970-talet vart dyra frakta med lastebil til Mjølfjell, leste av ved ungdomsherberget og buførde inn til stølen. Bruk nr.4 bygde nytt sel på stølen i 1957 og ny flor i 1983. Den gamle floren låg frå gammalt av midt i trasèen der Bergensbanen skulle koma, så jarnbanen bygde ny flor til bnr.4. No står her to stølshus og to florar. Per J. Lekve tok opp att stølsdrifta på Vetla Uppsete då han tok over garden i 1957 etter at dei i mange år hadde hatt kyrne i Eidfjord om somrane. Nokre år var Magnhild Nesheim (fødd Røthe) budeie hjå Per J. Lekve. Eldste dotter til Agnes og Per Lekve, Sigrid (1951–) og broren Jørgen (1954–) var åleine på stølen i fleire år frå dei var i 10–12-års alderen. Mora måtte vera heime og hjelpa til i slåtten. Dei mjølka kyrne og leverte mjølka med jarnbanen. Ei tid leverte dei mjølka på Upsete stasjon, men seinare fekk dei stopp like ved Gravhalstunellen. Frå 1986 vart det slutt med mjølkelevering på jarnbanen då NSB ikkje lenger ville stogga. Då byrja budeia Agnes Lekve (1925–) å kinna smør og setja rjomekolle som ho selde i lag med søt mjølk til hyttefolk og turistar. Agnes var den siste budeia på Vetla Uppsete, og borna var dei siste budeiebaltane. Stølen Vetla Uppsete var i tradisjonell bruk som støl fram til 1994, og det er såleis den ­stølen i Ulvik som var lengst i samanhengjande bruk som tradisjonell støl. Seinare er stølen nytta til gjelddyr og ungdyr. Seinast sommaren 2013 gjekk det 52 storfe på beite.

Slondal Slondal

Stølen i Slondal er nemnd skriftleg så tidleg som i 1322, men er nok mykje eldre. I eit brev frå 1340 vert det sagt at Sigurd på Håheim kjøpte stølen av vossingar. Det første stølsbolet var nok der stølen Slondal ligg i dag, men det vart etter kvart flytt ut frå dette støldsbolet, først til sørenden av vatnet til Brauaone, då kalla Øvre Slondal og seinare nordaustover til Dalen. Slondalsstølen ligg om lag 765 moh i ein sidedal til Raundalen mot sør på austsida av Mjølfjellet. Slondal er mellom dei eldste fjellstølane i Ulvik og vert rekna for å vera ein av dei beste. Førelekken Slon i namnet er det ikkje funne noko tyding på, men landskapet her i dalen i høve til fjella rundt kan kanskje tyda på at det har noko med lun, grøderik å gjera. Stølen Slondal ligg om lag midt på austsida av Slondalsvatnet og er ein stor støl med gode beite og ti velhaldne stølshus. Frå gammalt var det gardbrukarar på Åsen som støla i Dalen, Slondal og Brauaone. Seinare har nokre andre kome til på litt ulik vis. Bruka under gnr. 45, Kvåle har kome til etter 1723. Stølseigarar i Slondal no er Hjeltnes bnr.1 og bnr.2 (Skjølavikje), Viknes, bnr.1 og bnr.4 (Solheim), Kvåle bnr.1, bnr. 2 (Dokkje), bnr.3 og bnr.4 (Hauge) og Håheim bnr.1 (Dalen). Vattatveit hadde frå gammalt eit sel som vart i dårleg stand og datt ned. Seinare fekk Kvåle bnr.1 overta tomta og sette opp eldsel på murane. Eigar av Vattatveit, Øyvind Haga (1946–), bygde nytt stølshus litt oppom dei andre sela i 1976. Dette vart teke av snøskred i 1990. Han bygde då nytt stølshus i stølsbolet i 1995 -96. Kvåle bnr. 4 (Hauge) bygde stølshus i 1987. Ved utlaupsosen til Slondalsvatnet er det tre naust. Det er stølseigarar både i Slondal og Brauaone som eig desse nausta. Ved Fagradalsvatnet er det òg båt og naust. Dette er i sameige mellom stølane Slondal, Brauaone og Dalen. I Slondal har det frå gammalt vore mange dyr på beite. Jordbruksteljingar frå 1723 syner vel 40 kyr/storfe i Slondal, i 1865 var det om lag 75 og i 1907 om lag 55. Samtidig beitte det om lag 150 sauer. Teljingar frå 1950-talet syner 55 storfe og 150 sauer. I 2013 var det første året at det ikkje var kyr på beite i Slondal. Men tal sauer har auka mykje dei siste åra. No vert det gjerne sleppt opp mot 400 vaksne sauer med lam på beite. Dette er viktig også for å halda kulturlandskapet i hevd. Ein viktig føresetnad ved ein god støl er god tilgang på vatn og brennevyrke. I Slondal har ein godt med vatn i Slondalselva, elva som skil Slondal og Brauaone. No veks bjørk og vier tett i liene på stølen. Slik var det ikkje den tid då det vart ysta og kokt i mange sel. Då gjekk det med mykje ved, og difor har stølseigarane i Slondal rett til å hogga ved i lia nedanfor ­Slondalsosen. Buførevegen til Slondal er lang og tung (sjå eigen artikkel om Høgfjellsvegen), så etter at det kom bilveg og jernbane vart det vanleg å frakta dyra med bil til Granvin og vidare med tog til Upsete eller Vieren. Nokre år frakta ein storfe med bil til Voss og vidare med jernbanen. Men det hende også at kyrne vart buførde heile vegen frå Ulvik til Slondal etter køyrevegen, då med overnatting på Voss (Bjørke). Seinare har ein frakta dyra både til fjells og heim att med dyrebilar, traktorhengjar og biltilhengjar. Siste året det var buføring til Slondal over høgfjellet med sauer var i 1953 eller 1954. Buføringa heim om hausten over fjellet med sauer tok slutt tidleg på 1970-talet. Kåre Olai Solheim (1970–) fortel at far og bestefar hans buførde kyr heim det han kan hugsa. Det må også ha vore midt på 1970-talet. Då buførde dei heim gjennom Tyssedal. Tradisjonell støling i Slondal tok slutt ein gong på 1960-talet. Siste budeia i Slondal var Margreta Kvåle (1892–1986). Siste åra var Margreta og mannen Ola (1892–1974) saman på stølen som kårfolk. I fleire år var barne­barnet Olav Kvåle (1951–) med som budeiebalt. Han er nok den siste budeiebalten i Slondal. Nokre år frå midt på 1970-talet var Berta Kvåle (1912 – 2010) og mannen Jørgen Kvåle (1913–1993) i Slondal og gjelda av kyrne. Mjølka vart ikkje levert til meieriet, men dei sette m.a. rjome­kolle som dei selde til fjellfolk i tillegg til mjølk. Seinare har stølen vorte nytta til gjelddyr og sauer. No vert stølen nytta av brukarane for tilsyn med dyra, men òg mykje til fritid og sosiale samkomer. Både unge og eldre i familiane er knytte til stølen med sterke band.

Brauaone Brauaone

Brauaone vart skild frå Slondal som eigen støl i 1816. Då vart stølen kalla Øvre Slondal. Stølen ligg i sørenden av Slondalsvatnet, 765 moh. Brauaone er namnet på elva frå der elva Kvitle renn ut i Kvannjolo og ned til Slondalsvatnet. Elva er her svært brei, og namnet tyder den breie elva. Her stølar gnr. 46, Håheim, bnr. 2, 3,8,9 og 13. I tillegg gnr. 47, Øydve bnr. 3, og gnr. 44, Holmen bnr. 1. Magnus L. Øydvin (1871–1928) på Øydve bnr. 3 fekk stølsrett i Brauaone i 1910. Det var kona, Sigrid fødd Håheim (1877–1927), som fekk denne retten av foreldra sine. Stølen hadde høyrt til Viknes bnr.2. Dei fleste sela i Brauaone ligg i sørenden av Slondalsvatnet, to på vestsida av elva, medan fem ligg på austsida. To stølshus til Håheim, bnr. 8 ligg rett over elva frå Fagradalen like ved Slondalsstølen (om lag midt på Slondalsvatnet). Frå jordbruksteljingar i 1865 ser ein at brukarane til stølen Brauaone fødde vel 50 storfe og over 100 sauer. I 1907 var storfetalet redusert til om lag 35. Det vert fortalt at når beitepresset var stort og det lei på sommaren, trekte kyrne heilt opp til Bulegena (nr. 32) og Småfagrevatna på beite. Det var då ofte eit strev å henta dyra ned att til mjølking dersom dei ikkje kom sjølve. Lars M. Øydvin (1902–1987) flytte i 1936/37 selet frå Slondalselva nær bytet med Slondal og til vestsida av Brauaone. Der bygde han eldhus og sel. I 1960-åra bygde han eit nytt, stort stølshus med moderne geitefjøs under. Han fekk og rett til å setja opp naust i osen av Slondalsvatnet då han dreiv støl i Brauaone. Han og kona Katrina (1906–1997) dreiv geitestøl der til 1972. Etter at det vart køyrande veg til Slondalsosen, rodde Lars geite­mjølka det vel to kilometer lange Slondalsvatnet til ende, leste spanna over på traktor og køyrde dei til jarn­banestoppen på Vieren. Brukarane av stølen Brauaone buførte sauer heim over fjellet heilt til 1984. Selet til gnr.44, Holmen, vart sett i god stand i 1980-åra og nytta som hytte for elevane ved Hjeltnes vidaregåande skule. Bnr. 2 har òg eit nyare sel.

Dalen Dalen

Stølen Dalen ligg ved nord-austenden av Langavatnet (Dalavatnet), 785 moh. Vatnet er litt over halvannan kilometer langt og ligg i Raundalsdalføret mellom Vieren og Dalen langs jarnbanen, ikkje langt frå grensa mot Aurland kommune. Stølen høyrer til Rondestveit bnr.1 og 2, Viknes bnr.3 og Voss Folkehøgskule. Frå gammalt hadde Rondestveit støl i Slondal. I 1736 flytte begge bruka på Rondestveit og Håheim bnr. 7 ut frå Slondal og sette opp att stølshusa i Dalen, som høyrer til same beitet. Den første stølen i Dalen låg om lag midt på sørsida av vatnet. Kring 1870 vart stølshusa tekne av ei snøskreda og sopte ut på vatnet. Dei flytte då inn der stølsbolet er no. Ein kan i dag sjå restar av murar etter den gamle stølen (nr. 34) på 805 moh. Frå 1895 stølte òg Viknes bnr. 3 i Dalen etter at dei også flytte ut frå Slondal. Det vart strid om dette, men eigar Kr. Fr. Hjeltnes (1856–1930) heldt seg til det som stod i gamle dokument: «Slondal og Dalen er ein og same støl, men med to stølsbol. Brukarane har rett til å beita klauv mot klauv og horn mot horn.» Denne striden vart halden varm heilt fram til 1970-åra då lagmannsretten slo fast at dei gamle dokumenta var rettsgyldige. Ei tid kring år 1900 var det fellesstøl i Dalen. I kjeldematerialet finn ein at det var mykje husdyr som sokna til stølen. Registreringar frå 1865 og 1907 syner at på desse gardane var det over 50 storfe og meir enn 100 vaksne sauer. På 1950-talet var tala noko over 20 storfe og om lag 60 sauer, utanom Voss Folkehøgskule. I 1910 selde Ola Håheim (1865–1928) sin part i stølen til folkehøgskulestyrar Lars Eskeland (1867–1942) på garden Seim på Voss. Han bygde nytt, stort sel om lag 50 meter høgare oppe, og sette det gamle selet innåt. K.K. Hjeltnes (1881–1959) dreiv geitesti og støla i Oksabotn frå 1918, og frå først på 1920-talet også i Hansbu, heilt fram til 1950. Somme år vart Dalen brukt som geitestøl av K.K.Hjeltnes ei stund om våren på vegen frå vårstølen Ure til Oksabotn sør og Hansbu. Desse fjellstølane ligg høgt til fjells, og det kan vera to-tre veker tid­legare bue i Dalen. Om buføringa heim i september skriv Aamund Hjeltnes i boka ­«Garden Hjeltnes og bygda-eit eige samfunn i Ulvik» at «geitene fekk ofte eit opphald i Dalen før ein tok dei heim til Ure». Nokre år (1923, 1927 og 1928) vart både Slondal og Dalen nytta som geitestøl då snømengdene i høgfjellet var for store og somrane kalde. Stølen var i bruk til om lag 1960. I Dalen er det fire sel og ein flor. Per Rondestveit frå bnr.1 (1951–) bygde ny flor på stølen i 1990-åra. Han dreiv tradisjonell stølsdrift med mjølkekyr i Dalen frå 1997 til 2007 med produksjon av smør o.a. og sal til­ ­turistar og hyttefolk. Etter det er beite nytta til gjelddyr og sauer.

Langvasstølen Langvasstølen

Dette er ein god sommarstøl, der stølshusa ligg på nordvestsida av Langavatnet, ca. 785 moh., og stølen har namn etter vatnet. Her ligg ulvikstølane saman med fleire vossastølar og ein del hytter. Stølsbolet er det einaste i Ulvik som har fått eige gardsnummer i den gamle matrikkelen, gnr. 56. I bygdeboka står det at Kristofer Sjursson Hjeltnes (1730–1804) kjøpte beitet som hadde høyrt til Raundalens allmenning, og der grensa vart fastsett ved semje i 1773. Grensa var likevel uklår, og i 1802 vart det åstadsak der retten fastslo at grensa skulle gå til elva Rustdølo, slik vossingane påstod, medan ulvikingane heldt på Breiåna. Ein kjenner til at Sjur Gunnarsson Hjeltnes (1689–1754) frå bnr.1 på Hjeltnes kjøpte seg stølsrett her i 1745 frå Raundalen allmenning . Opp gjennom tidene har det vore mange eigarar og mykje handel og skifte på Langvasstølen. Hans Olsson (1826–1916) frå Vestrheim bnr.1 fekk i 1856 kjøpa part i Langvasstølen, og bruket har støla meir eller mindre fast på Langvasstølen fram til 1952. Etter dette vart stølen nytta ein periode tidleg på 1960-talet og då med Brita Larsen (1910–1990) som budeie. I 1968 var det var svært turt nede i bygda. Dette året nytta bruket på Vestrheim stølen, og då var Dagny Vestrheim (1917–) budeie. Brukaren på Vestrheim tok sauene heim over fjellet siste gong i 1978 eller -79. I dag er det tre bruk frå Ulvik som har stølshus her: Vestrheim bnr.1, Oppheim bnr.7 og Øydve bnr.7, etter at Johan Øidvin (1903–1986) fekk kjøpt ein stølsrett her i 1942 av moster si, Anna Nafstad. Anna heldt likevel att båe stølshusa. Bruket hadde då alt i mange år støla der. Bruket på Øydve støla på Langvasstølen fram til 1955.

Mjølbotn Mjølbotn

Torblåstølen Mjølbotn ligg i ein sidedal mot sør frå Raundalen 840 moh, rett vest for Mjølfjellet. Namnet kjem av botn, ein skålforma ende på ein U-dal. Om namnet på den kvite bergarten (anorthositt) viser til samanlikning med matvara mjøl, eller om det er mjødl dvs. lett og tørr snø, er vanskeleg å vita. Opplysningar i gamle kjelder kan tyda på at stølen har vorte nytta langt attende i tida. Kan-skje alt før Svartedauden. I 1670-åra vart stølseigarane både i Mjølbotn og nabostølen Vesete jaga bort av futen på Voss, Miltzow, som hadde kjøpt garden Brekke i Raundalen. Men futen la fram falske dokument, og han tapte saka i 1684. Her er rekna for å vera gode beite. Husdyr­talet på Torblå var i 1865 55 storfe og 175 småfe. I 1907 var det 53 storfe og 140 småfe. Her har såleis vore mange dyr på beite. ­Støls­svegen til Mjølbotn vart rekna til tre mil. Det viser murar etter 4–5 hus/sel, eit lite stølshus til bnr. 2, Spannet og eit uthus. Det vart støla her fram til 1914. Seinare vart det støla her under evakueringa i 1941. Etter krigen vart det sleppt hestar på beita her. Beita vert no brukte av sauer frå Raundalen. Tre av sela ramla ned på 1950- talet. Om buførevegen syner ein til eige stykke om Høgfjellsvegen.

Vesete Vesete

Stølen ligg i ein sidedal som tek sørover frå Mjølfjell i Raundalen. Ordet ve kan ha fleire tydingar. I mange samanhengar tyder det hei­lagdom. Det kan kanskje også koma av ordet ved, dvs. ein stad der ein kunne finna ved. Kva som er rette tydinga her, er uvisst. Når det gjeld stølsvegen, sjå under stølen Tyssedal. Det var Nedstatunet på Oppheim, gnr.55, bnr.1, 3, og 4 som støla i Vesete. Næraste ulvikastølen er Mjølbotn, som lig på nordaustsida av Vesetefjellet. I Vesete har det alltid vore god tilgang på vatn og ved til koking og ysting. Likevel var det i 1684 ei sak om denne stølen. Stølinga var då mellombels gjeve opp fordi eit skred hadde øydelagt vegen i Tyssedalen (truleg i Fadlet), og ei snøskreda hadde reist med husa på stølen, truleg på grunn av at mest all skogen ovanfor stølshusa var snauhoggen. Dette siste vart rekna som ein uboteleg skade, fordi skogen ikkje kunne veksa opp att, vart det sagt. Stølshusa ligg i bakken på nordaustsida av Veset-vatnet, i ca 685 m høgd. Stølen var i aktiv bruk fram til ca 1910. I 1915 selde bnr.3 (truleg også bnr. 4) stølsretten og stølshus til Halfdan Eide i Bergen. I 1967 vart desse rettane overdregne til Bergens Tidende v/ J.W. Eide Trykkeri. Desse bygningane vert i dag nytta til fritidsføremål. Oppheim bnr.1 har har heile tida hatt sitt stølshus i Vesete. I 2013 vart denne stølsretten med hus seld til eigaren av Oppheim bnr.7 i samband med ein gardhandel.