Litlastøl

Stølen ligg i lia vel halvannan kilometer vest for gardane på Bergo, ca 430 moh. Stølen er difor lett å koma til. Ved matrikkelarbeidet i 1723 vart det sagt at Store Bergo hadde støl ein halv fjerding frå garden, som må ha vore Litlastøl, medan Midt Bergo hadde «sætter ved Gaarden udi høie Fjeldet» (har truleg vore Gunnarsete). Litle Bergo hadde ikkje støl då. Seinare har gnr. 61 Midtbergo og gnr.62 Storebergo støla her på Litlastøl. Dette er einaste sommarstølen garden har hatt. Kan namnet tyda på at det ein gong har vore ein annan, større støl knytt til desse gardane? Stølen vart rekna som ein god vår- og hauststøl. I dag står her to stølshus med flor nede og innsel og høyloft over. Stølshusa er sær­merkte med at florsdelen ikkje er graven ned i terrenget. Dette fører til at husa vert heller høge. Midtbergo sitt sel hadde møkakjellar under floren, medan på Storebergo bnr.1 måtte dei spa møka ut ei dør i fronten. Den same bygningstypen finn me også mellom anna på stølane Fitjo og Sjusete. Stølstræa på Litlastøl var relativt store og gode, slik at dei kunne hausta mykje høy, og her var òg to høyløer. No står berre murane att etter høyløene. På Litlastøl støla dei heilt fram til kring 1960. Ingvald Bergo (1909-95) fortalde at han og familien (foreldra) flytta til Liasete i Granvin under evakueringa. Det var forbode å koma heim, og det vart trua med dødsstraff for dei som ikkje heldt seg unna. Men tanken på garden heime ville ikkje så lett sleppa taket. Ingvald lurte seg difor gjennom skogen og sneik seg gjennom potetåkeren fram på haugen over husa. Ein hovudgrunn for «spionasjen» var ­ryktet om at tyskarane samla inn jarn til krigs­industrien, og Ingvald hadde nett kjøpt ny hesteslåmaskin! Han var difor spent på om ­fienden hadde reist med den dyrebare maskina. Frampå kanten høyrde han ei veldig romstering i bislaget. Han trudde sjølvsagt det var tyskarar, vart redd og tok flukta tilbake den vegen han var komen. Då dei kom heim ut på ettersommaren, var bislaget fullt av daude saueskrottar!
4,0
camera
Innhold

Denne mappen er tom.