Sotnos

Dette stølsbolet, som også omfattar Frammitunstølen, ligg ca 300 moh., og det er delt i to av elva Tjørnarå som kjem i frå Solsævatnet og renn framom stølen. Stølen har i hovudsak vore nytta av gnr. 55 Oppheim. Namnet har stølen fått etter den høge og bratte fjellnuten, Sotenuten, og namnet kan koma av å su`ta dvs. å ropa eller huja. Kanskje av at fjellsida her gjev eit brukande ekko? ­Namnet kan også koma av ei suta, som Ivar Aasen forklarar med ei avrunda steinblokk. Toppen av Sotenuten har ei tydeleg avrunda form sett frå Sotnos. Stølsvegen er den same som mellom anna hakastadbruka nytta fram til Søylevad. Her i frå tok dei opp og nordvestover Krokane, opp Skrindarkleiv og vidare ned i Smedalsbotnen, over Sotnosleitet og til Frammitunstølen eller vidare over Tjørnarå til Sotnos. På sørsida av elva (kalla Frammitun) hadde opphavleg Oppheim bnr.1, 3, og 4 sela sine, medan bnr.6 og 7 hadde husa sine på nordsida av elva. Sotnos vart i hovudsak nytta som vårstøl, og stølsbolet hadde god tilgang både på vatn og ved. I jordbruksteljinga 1865 er Oppheim registrert med 54 storfe og 134 sauer. I 1907 er tala 36 og 155. Gjennom ein gard­handel midt på 1700-talet vart Oppheim bnr. 5 sin stølspart på Sotnos (på kva sida av Tjørnarå bnr.5 hadde sin støl, kjenner me ikkje til i dag) bytt ut med ein stølsrett på Fitjo, slik at Hjelmavoll bnr.1 fekk stølsrettar på Sotnos og i Tyssedal fram til utskiftinga i 1944. Då vart Hjelmavoll bnr.1 flytt frå Sotnos og attende til Fitjo medan bruket framleis har stølsrettane sine i Tyssedal. Stølshuset til Hjelmavoll vart i 1999 kjøpt av eigaren av 55/3, og ved ei jordfordelingssak etter tidlegare eigar av 55/6, tinglyst i 2001, kjøpte 55/3 grunnen kring dette stølshuset, og denne parten vart så samanslegen med utmarksteigen til bnr.3, som ligg på andre sida av Tjørnarå, der stølen Frammitun tidlegare låg. Særmerkt for Sotnos er det store stølstræet på om lag 12 mål, som etter 2001 har høyrt til bruka 6 og 7. Dei andre bruka hadde òg eit stort stølstræe, men dette var noko myrlendt, og det er i dag delvis tilgrodd med skog. På desse stølstrea vart det år om anna hausta ein god del høy. I dag står det to stølshus og to løer/florar på Sotnos. Der Frammitunstølen låg, er det i dag berre nokre murrestar att. Sotnos vart, som mange andre stølar i Ulvik, redninga under evakueringa sommaren 1941. I tre sel og to høyløer budde det i alt 22 personar i dei to månadene evakueringa varde.
5,0
building
Innhold

Denne mappen er tom.