Austdalen–Rembesdalen

8,0
Innhold
Austdalsbua Austdalsbua

I ustdalen, nokre kilometer aust for Runda­vatnet, ligg ei gammal steinbu, som har vore bygt som veide- og driftebu. I hallet bak bua ligg ei etter tilhøva stor, rydda hegna. Det viser truleg at bua har vore nytta som driftelæger. Olav Åmundsson Osa «Oddmundsola» (1814–1898) låg her med kyr midt på 1800-talet og mjølka dei til dei var gjelde. (Det er han som er «Osamannen» Olav H. Hauge skriv om). Med dei gode beitetilhøva har hamna vore nytta til sauebeite frå 1970-talet. I den samanhengen vart det sett opp ei gjetarbu eit par hundre meter vest for Austdalsbua. Ulvik fjellstyre har restaurert Austdalsbua og har også overteke gjetarbua.

Grasbotn (også kalla Hakastadstølen) Grasbotn (også kalla Hakastadstølen)

Denne stølen ligg om lag 1150 moh. aust for Langavatnet. Namnet seier seg sjølv, ein botn med gode grasgangar. Elling Olsen Hakestad (1790–1856) frå Hakastad bnr.9 fekk hand om ¼ av Rembes­dals­hamna i 1844, men det fylgde ikkje med hus. Han bygde då stølshus her oppe i den øvre delen av hamna. Stølsvegen er den same som til Rembesdalen.

Rembesdalen Rembesdalen

Stølen ligg vest for Hardangerjøkulen og bre­armen Rembesdalsskaokje, omlag 960 moh. Deler av denne sommarstølen er matrikkulert som bnr.3 under gnr. 36 Sygnestveit. Sjølve Rembesdalen ligg i Eidfjord kommune og har alltid vore kjend for dei særs gode beita. Den store hamna var før kraftutbygginga tok til, naturleg inngjert av jøkulelva Norddøla og av brearmen Rembesdalsskaokje. Remben tyder i fylgje Ivar Åsen noko som er «besværlig- vanskeleg å koma til». På mange måtar høver dette bra. Ei anna tolking av førelekken remben er «den trong dalen». I 1828 fekk Arne Helgesson Jåstad (1795–1883), som budde på Sygnestveit, bnr. 2, kjøpt ein part i stølen. Seinare, kring 1900, overtok Sygnestveit heile Rembesdalen. Her vart det drive tradisjonell støling fram til omlag 1900. Etter den tid har Rembesdalen vore nytta både til stutabeite og beite for sau. I dag er her restar etter to husmurar, og her står eit nyare sel, bygt i 1948. I 1947 stod enno det gamle Sygnestveitselet. I 1963 bygde (teken i bruk i 1964) Den Norske Turistforening turisthytte med 18 sengeplassar pluss ei sikringsbu og do på stølsområdet. I ura ca. 400m oppom stølen, i ca. 1000 m høgd, er det eit stort lægje som truleg har vore nytta av både folk og dyr. Stølsvegen frå Sygnestveit gjekk eit lite stykke utover langs Osafjorden, under Sævarhedleren og så på skrå oppover og utover til dei kom inn på stølsvegen som kom opp frå Øydvesela. Dei som buførde frå Ulvik, måtte først i båt over fjorden. Så var det å ta fatt på støls­vegen opp i Døgersdalen, vidare austover opp over Motet, ned til og austover på sørsida av Langavatnet, innover Geismyrane, Vardaskorva og ned Fjørdingakleiv til stølen.