Sotebotn

Dette var ein sommarstøl som låg i ein såkalla hengjedal på nordsida av Sotenuten, ca 830 moh. Trass i at Sotebotn høyrde til Oppheimsgrenda sitt beite/slåtteområde, var det andre gardar i Ulvik som ynskte å ta i bruk desse beita til støling. I 1804 søkte Aslak A. Aurdal (1774–1844), Aurdal bnr.6, om å få rydda Sotebotn mot ei lita avgift til Kongen. Då søknaden vart opplesen på kyrkjebakken, kom det protestar frå Oppheimsbrukarane. Dei påstod at dei hadde hevd på Sotebotn til slåttemark, og Aslak måtte gje seg. 10. januar 1826 fekk Gjert H. Lindebrekke (1795–1860) og Johannes J. Sponheim (1758–1844) ein avtale med to brukarar på Oppheim om å leiga beitet til støl for 24 skilling årleg leigeavgift. Dei bygde hus og støla her fram til kring 1870. (Det var nok sonen til Johannes, Ola (1798–1878), som var med og bygde og seinare dreiv stølen, sidan Johannes i 1826 var ein eldre mann). Det er fortalt at medan dei arbeidde med mu­rane, kom ein bjørn oppe i lia. Karane hoppa opp på muren og stod klar med spett og andre reiskap. I dag finn ein grunnmurrestane etter fire hus her oppe. Stølsveg frå bygda til Sotebotn var mellom dei tyngste. Dyra, i alle fall kyr og hest, måtte drivast eit stykke inn i Espelandsdalen, så opp attmed Espelandsfossen, framom granvinstølen Botn og vidare inn og opp dalen til Nordrebotnen og Trollabotnen, for så å ta over Hestastònuten (nærare 1400 m høgd) og ned til stølen. I ei sak hadde brukaren av Hestastòena protestert mot at dei kunne få nytta den noko kortare vegen framom denne stølen.* Sauer, geiter og folk kunne på eit vis ta seg opp til stølen direkte frå Øyane i Tyssedalen, via svært bratte skòrar. Det seiest òg at ein kunne buføra med kyr og hest via Tyssedalen og Fessavatnet og så sørover høgdene og ned i Sotebotn.
3,5
photo
Innhold

Denne mappen er tom.