KvannskòreDenne vårstølen til Sygnestveit ligg om lag 350 moh. oppe i den bratte lia over garden, på innsida av elva Balaone. Namnet kjem av skjermplanten kvann, som var ei viktig «grønnsak» før i tida. Den veks på fuktige stader og helst til fjells, og var så mykje brukt at den ei tid heldt på å verta utrydda. Kvannskòre er ein typisk geitestøl. I dag finn ein murar etter to små hus. Den bratte stølsvegen gjekk opp over Løhaug, innom Svartaberg og utover, vidare opp rinden. Marta Magnusdt. Ljone (1902–1980) mintest at ho var opp på stølen. Dette kan tyda på at stølen i alle fall var i bruk til utpå 1900-talet.http://api.medialog.no/ulvik/liastolen2013grasbotn/kvannskorehttp://api.medialog.no/@@site-logo/medialog_logo-19.jpg
Kvannskòre
Denne vårstølen til Sygnestveit ligg om lag 350 moh. oppe i den bratte lia over garden, på innsida av elva Balaone. Namnet kjem av skjermplanten kvann, som var ei viktig «grønnsak» før i tida. Den veks på fuktige stader og helst til fjells, og var så mykje brukt at den ei tid heldt på å verta utrydda. Kvannskòre er ein typisk geitestøl. I dag finn ein murar etter to små hus. Den bratte stølsvegen gjekk opp over Løhaug, innom Svartaberg og utover, vidare opp rinden. Marta Magnusdt. Ljone (1902–1980) mintest at ho var opp på stølen. Dette kan tyda på at stølen i alle fall var i bruk til utpå 1900-talet.