RøyneskorStølen ligg aust-søraust for Kongsberg og er vår- og hauststøl for Vestrheim bnr.1. Stølsnamnet er samansett av ei skòr, ei hylle i fjellsida og å røyne, som kan tyda å ta på, leite på og liknande. Om dette viser til at dette var ein plass det var tungt å støla på, er lite truleg. Ordet røyn kan også vera ei avleiing av treet raun/rogn. Huset som står her i dag, vart bygt nytt i 1945, og det ligg ca 565 moh. Med unntak av eitt år (1959) har stølen vore lite nytta etter at nytt sel vart sett opp.http://api.medialog.no/ulvik/royneskor2013vetlestolen/royneskorhttp://api.medialog.no/@@site-logo/medialog_logo-19.jpg
Røyneskor
Stølen ligg aust-søraust for Kongsberg og er vår- og hauststøl for Vestrheim bnr.1. Stølsnamnet er samansett av ei skòr, ei hylle i fjellsida og å røyne, som kan tyda å ta på, leite på og liknande. Om dette viser til at dette var ein plass det var tungt å støla på, er lite truleg. Ordet røyn kan også vera ei avleiing av treet raun/rogn. Huset som står her i dag, vart bygt nytt i 1945, og det ligg ca 565 moh. Med unntak av eitt år (1959) har stølen vore lite nytta etter at nytt sel vart sett opp.