Løyning

Stølen Løyning låg vest for Tysso, innom Skeiesmyrane og sør for noverande Fv. 572, ca 260 moh. Namnet kan koma av at stølen ligg noko løynd, gøymd eller skjult under ein bakkekant, særleg når ein kjem ovanfrå Ulsberg kan dette synast slik. Stølshusa låg langs den gamle vegen som kom frå Søylevad, forbi Fitjo, over Skeiesmyrane og vidare mot Ulsberg. Når det gjeld stølsvegen frå Hakastad til Løyning, viser ein til skildringa til Magnhild Kolås nedanfor. Stølsbolet har hatt god tilgang til vatn (Tysso), og her har truleg alltid vore godt om ved til koking og ysting. Før den planta grana kom for fullt, var her gode beite i gammal fureskog iblanda område med lauvskog og myrar. Løyning vart nytta som vår- og hauststøl av bruka på gnr. 52 Øvre Hakastad og av gnr. 53, Presta­garden. I tillegg kunne Aurdalsbruka beita storfe i Løyningsmarka før dei flytte til eigen sommarstøl på Kleppe. Tek ein utgangspunkt i jordbruksteljinga frå 1865 kunne her då vera opp mot 80 storfe frå bruka på Hakastad, i tillegg til 24 storfe frå Aurdalsbruka. På same tid hadde bruka på Hakastad bort i mot 220 sauer, men desse vart buførde direkte frå heimebeita til fjellområda ved Sveig. Ved ei tilsvarande ­teljing i 1907 var tala 64 storfe og 225 sauer. Aurdal er no registrert med 16 storfe. Det var vanleg å buføra til Løyning i månadsskiftet mai-juni, men dette kunne ymsa noko frå år til år. Etter om lag fire veker på Løyning flytte ein til Sveig, og utpå hausten var det same turen ­attende. På dei store stølstræa vart det år om anna slege ein heil del høy som vart køyrt heim på vinterføre. På Løyning stod det i si tid åtte stølshus. I tillegg sto her eit hus/anleggsbrakke som var sett opp av A/S Voss Skiferbrudd som overtok skiferdrifta i Kjeringafjellsslåtta i 1898. Etter den siste, store utskiftinga i 1946 – 48 vart dette stølsfellesskapet oppløyst, og Løyning med utmark vart lagd til Aurdal. Hakastadbruka fekk att eigande utmark og stølsrettar på sørsida av Drevtjørn, ved Stokkvatnet , i Lyse og i Eikhovden, der dei i frå gammalt av eigde slåtter. Dei fleste brukarane på Hakastad flytte då det som kunne flyttast av hus frå Løyning til områda kring Stokkvatnet – Espelandsvatnet, eller dei bygde seg nye der.
4,0
building
Innhold

Denne mappen er tom.