Botn

Dette er stølen som i dag vert kalla nordre Oksabotn. Bruksretten har Håheim, gnr 46/7. Stølen ligg på nordsida av Ustekveikja, ca to timar gonge (om lag 8 km) frå Finse stasjon, 1165 moh. Austre grensa for denne hamna er i Storure, dvs. grensa mot Hol. Det kan sjå ut som at dette også til å byrja med var eit læger for driftekarar. Brørne Anve og Oddmund Osa dreiv driftehandel herifrå. I åra 1876 til 1891 leigde Anve stølen her til sauehamn. Tidleg i 1880-åra brukte Torbjørn Lekve bua i samband med snømålingar, og han sette inn omn. Under bygginga av Bergensbanen støla Anve Osa (1854–1945) her med kyr og geiter. Han mura då opp ny og betre stølsbu. I 1907 la Anve ned stølsdrifta her og flytte til Hallingskeid, men søkte på nytt om å få leiga att i 1917. Han fekk leigekontrakt for tre år med ei årleg leiga på kr 100, men overlet denne leiga i 1918 til Jakob Håheim. Jakob Håheim (også kalla Jakob i Holmen) hadde drive gardsbruk i Ulvik fram til 1910, men hadde no gard på Kvåle på Voss. Han bygde nye stølshus og florar med plass til 20 kyr her på stølen (som han dreiv i lag med Torbjørnstølen). Frå 1922 brukte han berre Botnen. Då leigetida hans etter fleire fornyingar, gjekk ut i 1955, var det mange som meinte at han ikkje burde få fornya leige i og med at det var mange bruk i Ulvik som trong stølsbeite. Fjellstyret lyste då ut hamna i 1956, og det var fleire søkjarar. Fjellstyret gjorde vedtak om at Nils Branstveit (1914–93), Håheim, gnr. 46/7 skulle få stølen tillagt sitt bruk. Det vart tinglyst «utvisingsforretning» (feste) 8.3.1957. I seinare tid har stølen vore nytta av gnr.46/7 til sauebeite. Det er no to stølshus på denne stølen, det eine er ein ombygd eldre steinflor. Den andre floren datt ned i 1985. I tillegg står her eit lite uthus/vedhus.
4,0
camera
Innhold

Denne mappen er tom.