Røyneskor–Vetlestølen

Røyneskor – Vetlestølen / Litlastøl
10,0
Innhold
Aurdalskleppe Aurdalskleppe

Som det står i bygdeboka, ligg stølen «en fjer­dings vei» vest-sørvest for garden Aurdal, i lia opp mot Kjeringafjellet, ca 645 moh. Når det gjeld tydinga av namnet, sjå stølen Vestr­heimsk­leppe. Som namnet seier, er dette ein Aurdalsstøl, og det ser ut til at det er bnr.1 og 6 som har støla her. I tidlegare tider vart stølen nytta som sommarstøl, og då gangtida frå Aurdal og til stølen berre var om lag 1½ time, var budeia ofte heim att midt på dagen, mellom anna for å vera med i slåtten. Her finn ein i dag murrestar etter to hus. Aslak L. Aurdal (1841–1921) frå bnr.6 skal ein gong ha køyrt opp lia til Kleppe med hest og hjulkjerre! Opp gjennom tidene har det vore tilgangen på sommarbeite (utmark/stølar) som har sett grenser for kor mange krøter dei kunne ha på gardane. Aurdalsbruka var i så måte ikkje noko unntak, og dette har ført til at dei, som mange andre, har støla svært mange plassar; Nordebotnen , Løyning, Kleppe, Grostøl, og i seinare tid vart kyrne leigde bort til bønder i Eidfjord. Like eins vart Torbjørnstøl på Finse teken i bruk tidleg på 1920-talet. Hans O. Aurdal (1907–95) bnr.6 slutta med kyr på Torbjørnstøl i 1962. (Sjå meir om dette under kap. om Finse).

Beiteskard Beiteskard

Stølen låg ved Streitelia sørvest for Furesete og nord for Groheldrehøgda, om lag 625 moh. Han vart teken opp som «avlastingsstøl» for brukarar på Furesete, truleg på slutten av 1700-talet. Beiteskard var rekna for å vera ein god sommarstøl, men her kunne vera lite med vatn. Her er i dag vister etter tre husmurar.

Dalsete Dalsete

Stølen Dalsete ligg mindre enn ein kilometer inn frå fjelltromma ovanfor Hallanger,731 moh. Dalføret (Stokkseldalen) går over mot Granvin, og munnar på denne sida ut ovanfor Kvammen. Namnet tyder: Stølen eller setra oppe i dalen. Ved Dalsete beiter feet frå Hallanger og Valla­vik til bytes med feet frå Kjerland i Granvin. Om denne beitinga var det ein del strid i eldre tid. Brukarane på Kjerland skulle til dømes ikkje beita på Dalsete før brukarane på Hallanger kom til støls. Men etter at Hallanger flytte frå stølen etter fire – fem veker, kunne Kjerland beita der, slik dei hadde gjort frå gammal tid. Frå jordbruksteljinga i 1865 og 1907 ser ein at bruka på Hallanger fødde om lag 50 storfe og kring 150 sauer, så det var mange dyr på beite på Dalsete om somrane. Her står no tre gamle og to nyare stølshus, og ein kan sjå restar etter to husmurar. Vinteren 1928 var ein lei skredvinter på Vestlandet. Då vart to av sela nærast bekken, aust på stølsvollen råka. Selet til bnr.4 vart då flytt til sørsida av tjørna. I 1930-åra brann selet til bnr.2, og det vart sett opp eit mellombels lite hus. Nytt hus på dei gamle murane vart ikkje bygt før i 1991. Bruk 6 bygde nytt stølshus på den gamle muren som høyrde til bruket, i 2014. På Hallanger, som mange andre stader, var det vanleg at grenda og andre samlast på stølen ei helg om sommaren, såkalla gjestarhelg. Sommaren 1910 var mange samla då den 19 år gamle Jørgen Hallanger (1891–1910) drukna i Demmo (ved Dalsetetjørna). Han var farbror til Torgils Hallanger(1931–) på bnr. 3. Stølsvegen gjekk opp lia ovanfor garden til Skarvet. Vidare opp framom Labbasteinen (Budeiena gjekk på labbane opp hit, og la dei frå seg under denne steinen), Segelbrekkena, Fjellkleiv, øvsta og nedsta Storakleiv og vidare til stølen. På Dalsete vart det støla fram til noko etter krigen.

Espehovden Espehovden

Vallavikstølen Espehovden ligg på ein hjall oppe i lia nordvest for garden 550 moh. Her syner 3 husmurar etter sel og løer, med om lag 50 m avstand. Esp er fleirtal av osp, og tyder ein stad med ospetre. Hovde er ein framstikkande bergknaus.

Fitjo Fitjo

Stølsbolet ligg om lag 300 m sør for Aurdal, på sørvestsida av Tysso. Høgda over havet er om lag 250 m. Namnet kjem av eit norrønt ord, fit, som tyder frodig grasmark, gjerne med vatn. Ordet fit/fet vert også nytta om grasvollen framfor ein støl. Fitjo var i utgangspunktet ein vår- og sommarstøl for bruka på Hjelmavoll, Hydle og Skeie. Etter kvart tok to av desse gardane i bruk Gunnarsete som sommarstøl. (Sjå støl nr. 72 Gunnarsete.) På Fitjo låg det åtte sel og fleire utløer, då det store træet på Fitjo gav gode høyavlingar. Stølen vart av nokre bruk nytta som mjølkestøl til midt på 1950-talet. Stølsvegen frå Skeie gjekk bort til Tysso (der Elvatun ligg i dag), så opp Gjelet og langs/oppå den høge elve­kanten inn i dalen under Bergaberget, der dei kryssa Li-kjeldedalen. Langs vegen kom også brukarane frå Hydle til etter kvart. Vegen tok no inn i Hagen, inn mot Gjelet og opp krokane til Kløvet. Vidare langs det som no er fv. 572 bort til Verafossen og inn til Fitjo. I 1943 var det utskifting av stølen og utmarka, og dei fleste sela vart flytta eller rivne. I dag står berre selet til Skeie bnr.1 att på Fitjo (no overteke av Hydle bnr.14).

Furesete Furesete

I utstrekning er dette eit stort, vidt stølsbol, som ligg frå 420 til 445 moh. Stølen ligg i lia vestom Lindebrekke. I tillegg til bruka på Lindebrekke har Furesete vore hovudstøl for bruka på Audnaland/ Undeland og Sponheim. I alt har åtte bruk hatt stølsrett her. Stølsbolet er som nemnt vidt, og sela ligg spreidd med opp til 450 m mellom stølshusa. På grunn av rikeleg tilgang på materialar vart det bygt til dels store stølshus. Mange av bruka hadde eigen flor med høyloft over og møkakjellar under. Nokre få hadde flor under selet, slik det var vanleg andre stader, og som nok var det opphavlege også her. Dette stølsbolet har i hovudsak vore nytta som sommarstøl, og her er gode beite i tillegg til at her er store stølstræe. Stølstida på Furesete var heller lang, dei rekna frå jonsok til mikkelsmess (29. september). Dette stølsbolet har i hovudsak vore nytta som sommarstøl, og her er gode beite i tillegg til at her er store stølstræe. Stølstida på Furesete var heller lang, dei rekna frå jonsok til mikkelsmess (29. september). Vatn og ved har truleg aldri vore noko problem, men med tre gardar og mange bruk vart her frå siste delen av 1700-talet knapt med beite. (Sjå støl nr. 76, Beiteskard). I 1826 byrja to av brukarane her å støla i Sotebotn (sjå støl nr. 42). I 1850 kjøpte Pål Sjursson frå bnr.5 på Sponheim ein stølsrett i Bjoreidalen som dei hadde i om lag 20 år. I matrikkel­arbeidet frå 1723 er det på desse tre gardane registrert 64 storfe, og dei kunne sleppa om lag 90 sauer på beite. I 1865 er desse tala auka til 77 storfe og 232 sauer. I 1845 var det i tillegg registrert ca 40 reinsdyr på desse tre gardane, og dei skulle også ha tilgang på beite, truleg i dei same områda som sauene nytta. På Furesete er det store utslåtter, og her vart hausta mykje høy, frå eitt til fem lass på dei ulike bruka, etter bruksstorleik (skyld). I dag står her sju stølshus og tre florar, og dessutan murar etter tre andre hus. Den gamle bygdevegen mellom Ulvik og Granvin over Angerskleiv går rett forbi ­stølen. Tek me stølsvegen frå gardane mot Furesete, så gjekk Lindebrekke sin stølsveg frå mjøstølen utanfor garden og bratt opp Vetletellstigen, også kalla Gamletellstigen, og vidare i slakare stigning fram til Lindebrekkesela nedst på Furesete. Etter at denne vegen vart omlagd opp noverande Tellstig i 1840-åra, vart det mest naturleg å bruka denne. Med litt god vilje kunne ein faktisk køyra med kjerre der! Frå Sponheim og Undeland gjekk stølsvegen utover skogsryggen som blir kalla Reie, der skogsbilvegen går i dag, ut til vegkrysset som av mange vert kalla Øyane. Derifrå nokså bratt opp under noverande traktorveg og vidare i mest bein line mot Furesete til sela åt Sponheim bnr.6. Gangtida frå Sponheim til Furesete er om lag ein time, noko lenger med buføra eller tung bør. I dag er her god traktorveg frå Øyane og heilt fram til stølen. Det er Skraolebekken som renn forbi støls­bolet. Ut på 1950-60-talet slutta dei fleste med stølinga. Sara Maria Lindebrekke (1911–1997) frå bnr.3 på Lindebrekke var truleg den siste budeia. Ho heldt ut til kring 1970 med nokre kyr . På Sponheim bnr. 4 var Brita Velken frå Granvin den siste som støla, fram til 1966.

Grønskaol Grønskaol

Dette er vår- og hauststøl til Gnr.77 Åsheim og Gnr.78 Nesheim. Stølen Grønskaol ligg oppe i lia nord for Åsheim, om lag 425 moh. Nemninga skaol eller skål kan koma av ei terrengform som minner om ei skål, eller det kan koma av ordet skåle, dvs. eit uthus, skur, ofte utan vegger, gjerne bygd innåt eit anna hus. Vangen hadde frå gammalt av ikkje støl. Det var ein stor ulempe for garden. Matrikkelkommisjonen i 1866 sa at vårhamna var dårleg, haust­hamna god, men garden hadde ikkje sommar­hamn. I 1884 måtte Lars Vangen skriva under på eit forlik der han forplikta seg til ikkje å beita på Hallanger sine eigedomar. I 1965 kjøpte Jørgen Nesheim (1924–2012) bnr. 2 Åsheim, og då fekk Vangen rett til støl saman med dei andre brukarane. Det er Trygve Nesheim som i 2015 eig Åsheim bnr. 1 og 3, Nesheim bnr.1 og Vangen. I dag er det bygd skogsveg for traktor fram til stølen. Av bygningar er her berre eit nyare hus til Nesheim. I tillegg er det tre husmurar. Stølsbolet er tilplanta med gran. Stølsbolet er tilplanta med gran.

Grostøl Grostøl

Denne stølen ligg på ein hjall nordvest for og noko høgare enn Aurdalskleppe, vel 700 moh. Gro eller groe kjem av gras, eller namnet kan koma av gro = bekk. Opphavleg har dette truleg vore ein mjølkestøl under Aurdalskleppe, utan hus. Kring 1870 flytte Aslak L. Aurdal frå bnr.6 selet sitt frå Kleppe og opp her, og bygde sel på om lag 6 x 5 meter utan flor under. Dei støla fram til år 1900.

Gunnarsete Gunnarsete

Stølen ligg i lia ovanfor Litlastøl, aust for Kvasshovden, ca 600 moh. Det er truleg mannsnamnet Gunnar som ligg til grunn for stølsnamnet. På Bergo finn me på 1700-talet fleire eigarar med namnet Gunnar. Kan henda er det ein av desse som har gjeve namn til stølen? På Gunnarsete er det rimeleg god tilgang på vatn og ved til koking og ysting, så dette har ikkje vore den største utfordringa her. Gunnarsete er ein støl som opp gjennom tidene har vore nytta av mange bruk i Ulvik. Skeie, Hydle og Hjelmavoll, som også har støla i lag på Fitjo, har til noko ulike tider støla på Gunnars­ete. Også gardar på Bergo har hatt sommarstøl her. I 1802 heiter det at Litle Bergo gnr.60 hadde støl på Gunnarsete, men då er ikkje dei to andre gardane på Bergo nemnde. Mange av sela på Gunnarsete vart tekne av ei snøskreda på 1800-talet, og nye vart bygde opp att på sikrare stad, medan dei gamle murane syner kvar sela låg før. Kring 1937 gjekk det igjen ei snøskreda (snøgyrja) og skubba eit par av sela av tuftene. Bruk 14 overtok selet til Litle-Bergo og flytte det i heil tilstand på sliskar ol. bort på ny mur, der det står i dag. Bruk 6 bygde opp att selet av den gamle tymbra på ny stad, ferdig i 1939. I 1994 sette dåverande eigar av Hydle bnr.1 (Aurdal bnr.1) opp nytt hus. Bakgrunnen er at dette Aurdals­bruket kjøpte bruk nr.1 på Hydle, med stølsrett på Gunnarsete, i 1958. Eigaren av Hydle bnr.2 sette opp nytt hus i 2013. I tillegg til dei ovanfor nemnde husa er det tre–fire gamle murrestar etter stølshus på Gunnarsete. Då fleire av brukarane på Gunnarsete hadde vårstølane sine på Fitjo, startar me stølsvegen her. Frå Fitjo gjekk dei opp Lødalen og opp langs den høgste ryggen i skogen/utmarka til Gunnarsete. Stølstida på Gunnarsete var frå kring 1. juli til midten av september, og dei siste som støla her, slutta kring 1925.

Hedlesete Hedlesete

Denne stølen ligg ein god times gange vidare oppover og sørover frå Sjusete, om lag 645 moh. Stølsvegen frå Sjusete mot Hedlesete startar med at ein først må kryssa Vambheimselva i Sandvadet. Derifrå ber det oppover og innover dalen med ny kryssing av Myrdalselve, så over Kjednemyr og Ilagselve. Ved bekken Kremaren var det eit våtlendt område (krema er same ordet som kram, altså våt) før ein kom fram på kanten til Hedlesete. Det er no traktorveg frå Sjusete og langt opp i lia slik at det i dag er berre om lag 30 min gange på den gamle stølsvegen fram til stølen. Stølen har namnet sitt etter den store heldren på nordsida av stølen. På Hedlesete hadde gardane på Vambheim og Lisebrekke ein god sommarstøl, og i dag er her restar etter fire husmurar som ligg på eit heller stort træe. Muren lengst mot aust høyrer til Lise­brekke. Bruk 4 på Vambheim fekk sommaren 2014 sett opp eit nytt hus på dei gamle murane her på Hedlesete.

Jonstøl Jonstøl

Dette var ein av sommarstølane til Fryste, gnr.73, bnr.1. Stølen ligg i lia nord og ned for Frystetjødne, om lag 495 moh. Her er i dag vister etter ein husmur. Kari og Johannes Fryste frå bnr.1 var dei siste som støla her, og då er me attende på midten av 1800-talet. Etter at her vart slutt med støling, kjøpte Helge Torkjellsson Riber (1847–1937) frå plass III under Vambheim bnr.1, dette selet og nytta tømmeret i huset han bygde på Heljesplasset på Skeie gnr.69/2 kring 1875. Fryste har også nytta sommarstølar fleire andre stader, mellom anna på Hedlesete og Langvasstølen, og ein lang periode, frå kring 1890 til 1940, hadde Fryste kyrne sine på stølar i Eidfjord. Fryste skal òg ei tid ha hatt eigande sel i Bjoreidalen. Det var framvoksteren av dampskipstrafikken på siste halvdelen av 1800-talet som gjorde dette mogeleg. Ein kjenner ikkje til at Fryste har hatt eigande sel på Hedlesete, men dei har kanskje nytta Lisebrekke sitt sel, sidan det frå gammalt av var sterke band mellom Fryste og Lisebrekke? Når det gjeld Lang­vasstølen, var det Anders Johannesson på bnr.1 som alt i 1737 kjøpte denne stølen ved Uppsete. Han sat ikkje så lenge med han, men ­seinare hadde ­brukarar på Fryste i periodar ­partar i Langvasstølen.

Liastølen/Liasete Liastølen/Liasete

Liastølen er støl til Tveito og ligg der lia flatar noko ut, om lag 400 moh. og har vore nytta av både Indre Tveito (gnr.74) og Ytre Tveito (gnr.75) til vår- og sommarstøl. Stølsvegen er skildra under stølen Tveite. Frå Indre Tveito kunne ein også ta sauene opp Budeie­graoten og vidare opp Stigen øvst i lia, truleg den brattaste buførevegen i bygda? Kyrne hadde dei rett til å driva opp om Fryste. Oppe i lia litt utom Frystebekken kjem ein då inn på vegen frå Tveite. På Liastølen finn me i dag murar etter fem stølshus, og det siste stølshuset sto til utpå 1980-talet. Tidlegare eigar av Indre Tveito flytta den tymbra delen av selet på Lia­stølen opp til Frystetjørna, der det står i dag som ein del av ei hytta. Litt spesielt er dei mange steingardane som heilt eller delvis hegnar om store og små stølstræe.

Litlastøl Litlastøl

Stølen ligg i lia vel halvannan kilometer vest for gardane på Bergo, ca 430 moh. Stølen er difor lett å koma til. Ved matrikkelarbeidet i 1723 vart det sagt at Store Bergo hadde støl ein halv fjerding frå garden, som må ha vore Litlastøl, medan Midt Bergo hadde «sætter ved Gaarden udi høie Fjeldet» (har truleg vore Gunnarsete). Litle Bergo hadde ikkje støl då. Seinare har gnr. 61 Midtbergo og gnr.62 Storebergo støla her på Litlastøl. Dette er einaste sommarstølen garden har hatt. Kan namnet tyda på at det ein gong har vore ein annan, større støl knytt til desse gardane? Stølen vart rekna som ein god vår- og hauststøl. I dag står her to stølshus med flor nede og innsel og høyloft over. Stølshusa er sær­merkte med at florsdelen ikkje er graven ned i terrenget. Dette fører til at husa vert heller høge. Midtbergo sitt sel hadde møkakjellar under floren, medan på Storebergo bnr.1 måtte dei spa møka ut ei dør i fronten. Den same bygningstypen finn me også mellom anna på stølane Fitjo og Sjusete. Stølstræa på Litlastøl var relativt store og gode, slik at dei kunne hausta mykje høy, og her var òg to høyløer. No står berre murane att etter høyløene. På Litlastøl støla dei heilt fram til kring 1960. Ingvald Bergo (1909-95) fortalde at han og familien (foreldra) flytta til Liasete i Granvin under evakueringa. Det var forbode å koma heim, og det vart trua med dødsstraff for dei som ikkje heldt seg unna. Men tanken på garden heime ville ikkje så lett sleppa taket. Ingvald lurte seg difor gjennom skogen og sneik seg gjennom potetåkeren fram på haugen over husa. Ein hovudgrunn for «spionasjen» var ­ryktet om at tyskarane samla inn jarn til krigs­industrien, og Ingvald hadde nett kjøpt ny hesteslåmaskin! Han var difor spent på om ­fienden hadde reist med den dyrebare maskina. Frampå kanten høyrde han ei veldig romstering i bislaget. Han trudde sjølvsagt det var tyskarar, vart redd og tok flukta tilbake den vegen han var komen. Då dei kom heim ut på ettersommaren, var bislaget fullt av daude saueskrottar!

Løyning Løyning

Stølen Løyning låg vest for Tysso, innom Skeiesmyrane og sør for noverande Fv. 572, ca 260 moh. Namnet kan koma av at stølen ligg noko løynd, gøymd eller skjult under ein bakkekant, særleg når ein kjem ovanfrå Ulsberg kan dette synast slik. Stølshusa låg langs den gamle vegen som kom frå Søylevad, forbi Fitjo, over Skeiesmyrane og vidare mot Ulsberg. Når det gjeld stølsvegen frå Hakastad til Løyning, viser ein til skildringa til Magnhild Kolås nedanfor. Stølsbolet har hatt god tilgang til vatn (Tysso), og her har truleg alltid vore godt om ved til koking og ysting. Før den planta grana kom for fullt, var her gode beite i gammal fureskog iblanda område med lauvskog og myrar. Løyning vart nytta som vår- og hauststøl av bruka på gnr. 52 Øvre Hakastad og av gnr. 53, Presta­garden. I tillegg kunne Aurdalsbruka beita storfe i Løyningsmarka før dei flytte til eigen sommarstøl på Kleppe. Tek ein utgangspunkt i jordbruksteljinga frå 1865 kunne her då vera opp mot 80 storfe frå bruka på Hakastad, i tillegg til 24 storfe frå Aurdalsbruka. På same tid hadde bruka på Hakastad bort i mot 220 sauer, men desse vart buførde direkte frå heimebeita til fjellområda ved Sveig. Ved ei tilsvarande ­teljing i 1907 var tala 64 storfe og 225 sauer. Aurdal er no registrert med 16 storfe. Det var vanleg å buføra til Løyning i månadsskiftet mai-juni, men dette kunne ymsa noko frå år til år. Etter om lag fire veker på Løyning flytte ein til Sveig, og utpå hausten var det same turen ­attende. På dei store stølstræa vart det år om anna slege ein heil del høy som vart køyrt heim på vinterføre. På Løyning stod det i si tid åtte stølshus. I tillegg sto her eit hus/anleggsbrakke som var sett opp av A/S Voss Skiferbrudd som overtok skiferdrifta i Kjeringafjellsslåtta i 1898. Etter den siste, store utskiftinga i 1946 – 48 vart dette stølsfellesskapet oppløyst, og Løyning med utmark vart lagd til Aurdal. Hakastadbruka fekk att eigande utmark og stølsrettar på sørsida av Drevtjørn, ved Stokkvatnet , i Lyse og i Eikhovden, der dei i frå gammalt av eigde slåtter. Dei fleste brukarane på Hakastad flytte då det som kunne flyttast av hus frå Løyning til områda kring Stokkvatnet – Espelandsvatnet, eller dei bygde seg nye der.

Mursel Mursel

Denne stølen høyrde i fylgje bygdebøkene til Åsheim. Han låg nordvest for Øvstestølen, opp mot Grimsnuten i 790 meters høgd. Namnet kjem truleg av at dette berre var ei steinbu. Restar etter denne viser framleis. Ingen kjenner til bruken i dag, men stølen kan òg ha vore brukt av Hallanger. Dette var ein av mange stølar som i si tid vart mykje plaga av bjørn og difor tidleg fråflytt.

Øvre Dalsete Øvre Dalsete

Dette var den opphavleg Dalsete-stølen til ­Hallanger. Stølen låg opp og nordaust for ­Dalsete, 808 moh. Stølen vart nedlagd kring 1850-åra, m.a. på grunn av bjørneplaga, men truleg også på grunn av vanskar med å finna ved. Her viser mest usynlege og overgrodde restar av små (2x3m.) murar etter tre (fire?) steinbuer.

Øvstestølen Øvstestølen

Sommarstølen til Åsheim og Nesheim ligg noko opp og nord for Grønskaol, i skogsgrensa 604 moh. Her står att eitt sel til Åsheim bnr.2, og det viser tydeleg fire husmurar til. Av jordbruks­teljingane frå 1865 og 1907 går det fram at dei fødde 30–40 storfe på desse gardane i tillegg til kring 100 sauer. I talet på storfe er det truleg òg talt med ungdyr. Ei gammal soge fortel at Sandviksbekken, som renn her, ein vinter demde seg opp i dalen ovanfor stølen med snø og vatn. Då det losna, tok skreda med seg noko av stølen. Brukarane på Åsheim slutta med støling her kring 1940.

Øvstestølen Øvstestølen

Stølen ligg på fjelltromma sør og opp for Fryste­tjørna og har vore sommarstøl for Ytre Tveito gnr. 75/1. Stølsvegen gjekk om Liastølen, opp til Frystetjørna, Muggefar og vidare opp Øvstestølsgjelet til stølen. Frå stølstræet har ein svært god utsikt sør- og austover, der stølen ligg om lag 635 moh. Det er lenge sidan det sist vart støla på Øvstestølen, og i dag finn me berre murar etter eit heller stort stølshus og eit uthus eller flor. Med utgangspunkt i støls- og beiterettane på Øvstestølen sette eigaren av Ytre Tveito bnr.1 i 1992 opp ei sankebu (Løbu nr. 83). Bua ligg ca 860 moh., og ho vert nytta som kvilebu/tilsynsbu. Om lag 200 m søraust for Løbu, ca 785 moh, finn me restane etter Trosete (Trosasete). ­Plassen har truleg aldri vore nytta som støl, verken av dei som sette opp murane eller av andre. Etter det soga seier var det brukaren av vårstølen Ure som i si tid prøvde seg med­ ­støling her, men vart jaga av grunneigarane på Tveito før han fekk opp sjølve stølshuset.

Øvstestølen Øvstestølen

Stølen ligg på fjelltromma sør og opp for Fryste­tjørna og har vore sommarstøl for Ytre Tveito gnr. 75/1. Stølsvegen gjekk om Liastølen, opp til Frystetjørna, Muggefar og vidare opp Øvstestølsgjelet til stølen. Frå stølstræet har ein svært god utsikt sør- og austover, der stølen ligg om lag 635 moh. Det er lenge sidan det sist vart støla på Øvstestølen, og i dag finn me berre murar etter eit heller stort stølshus og eit uthus eller flor. Med utgangspunkt i støls- og beiterettane på Øvstestølen sette eigaren av Ytre Tveito bnr.1 i 1992 opp ei sankebu (Løbu nr. 83). Bua ligg ca 860 moh., og ho vert nytta som kvilebu/tilsynsbu. Om lag 200 m søraust for Løbu, ca 785 moh, finn me restane etter Trosete (Trosasete). ­Plassen har truleg aldri vore nytta som støl, verken av dei som sette opp murane eller av andre. Etter det soga seier var det brukaren av vårstølen Ure som i si tid prøvde seg med­ ­støling her, men vart jaga av grunneigarane på Tveito før han fekk opp sjølve stølshuset.

Røyneskor Røyneskor

Stølen ligg aust-søraust for Kongsberg og er vår- og hauststøl for Vestrheim bnr.1. Stølsnamnet er samansett av ei skòr, ei hylle i fjellsida og å røyne, som kan tyda å ta på, leite på og liknande. Om dette viser til at dette var ein plass det var tungt å støla på, er lite truleg. Ordet røyn kan også vera ei avleiing av treet raun/rogn. Huset som står her i dag, vart bygt nytt i 1945, og det ligg ca 565 moh. Med unntak av eitt år (1959) har stølen vore lite nytta etter at nytt sel vart sett opp.