Torbjørnstølen

Stølen ligg om lag 1220 moh i ei lun hola eit kvarters gonge aust for Finse stasjon. Bruksrett/feste her har: Aurdal, gnr. 58 bnr.1og 6, og Vestrheim, gnr. 57, bnr.2. Det er nok her det første stølsbolet i Finsetraktene vart etablert. Frå eldre tider var her ein gammal fangst- og buplass. Det er funne avslag av flint og kvartsitt på staden. Her har også vore eit gammalt læger, der eldste del framleis er synleg som steinmur som stikk fram under den øvste delen av floren mot vest. Før jernbanen kom, høyrde heile området på begge sider av dagens jarnbane til Torbjørnstøl. Stølen har namn etter Torbjørn Levorsson Osa (1752–1831). Han tok, som nemnt ovanfor, opp støl her på 1770-talet og dreiv i lag med verbroren Hans Olsson Vestrheim (1758–1825) fram til 1827. Seinare er det kjent at Ola Magnusson Torblå (1820–1910) brukte stølen i lag med Elling Larsson Ljono (1808–1895). I matrikkelen for 1890 er Ola OlssonTorblå (1870–1963) oppførd som brukar. Nokre år pakta han bruket sitt bort til verbror sin, Eirik Persson Århus (1853–), som også brukte Torbjørnstølen. Tidleg i 1880-åra sette Torbjørn Lekve (1845–97) inn omn her då han nytta stølen til overnatting i samband med snømålingar. Det ser ut til at stølen ikkje har vore i bruk nokre tiår sist på 1800-talet og først på 1900-talet, bortset frå at Anve Osa brukte stølen nokre år fram til 1902. Den 25. mai 1918 gav Ulvik formannskap Jakob Håheim (1875–1961) frå Voss leigekontrakt for fem år på Norenut, Torbjørnstølen, Larsbu og Hansbu mot kr 300 i årleg leiga. Han bygde nytt stølshus og florar på stølen, som han dreiv saman med Botn (nordre Oksabotn), som han overtok etter Anve Osa. Då femårskontrakten gjekk ut i 1922, sa Jakob Håheim stølen frå seg, og Olav A. Aurdal (1880–1938) overtok og dreiv nokre år saman med brukarar på Hakastad. I åra 1932 til 1945 stod Johannes J. Lid frå Voss som leigar av ­stølen, og han betalte 80 kroner i årleg leiga til Ulvik herad. I 1946 overtok Lars O. Aurdal (1912–76), og frå 1949 var også Hans O. Aurdal (1907–95) oppførd som leigar. Dei betalte 100 kroner kvar i årleg leiga. Etter søknad til Ulvik fjellstyre fekk Lars og Hans Aurdal saman med Helge Sygnestveit (1909– 96) på Vestrheim gnr. 57/2 i 1957 «utvisingsforretning» (feste) på Torbjørnstølen og Larsbuhamna. Frå tidleg 1970–tal har Finse forskingssenter leigt husa på stølen.
5,0
building
Innhold

Denne mappen er tom.