Røyneskor–Vetlestølen

Røyneskor – Vetlestølen / Litlastøl
10,0
Innhold
Sjusete Sjusete

Stølen ligg ein god times gange frå gardane på Vambheim, i sørvestleg lei, om lag 420 moh. Sjusete er støl for bruka på gnr.70 Vambheim og gnr.71 Lisebrekke. Dette kan tyda på at Lise­brekke i si tid vart oppteken i Vambheim si utmark. Stølsnamnet har eit noko uklårt opphav. Det er godt mogeleg at stølsbolet «med litt velvilje» har hatt sju sel, men det kan også knytast til at talet sju har vore eit heilagt og magisk tal, som kunne bringa lukke. Marta Sponheim har i skildringa si av stølslivet på Furesete peika på at det i dette fjellområdet, mellom Granvin og Ulvik, kan reknast opp sju stølar med -sete som sluttlekk i namnet, og at Sjusete såleis er den sjuande?! På Sjusete har det alltid vore rikeleg tilgang på dei viktige elementa vatn og ved. Ser me på jordbruksteljinga i 1865, hadde bruka på Vambheim og Lisebrekke om lag 50 storfe og vel 130 sauer som vart sende på ­stølen. Desse tala var redusert til 32 storfe og 33 sauer i 1907. I tillegg hadde dei no 9 geiter. Stølen vart rekna som ein god vårstøl, og i dag står her to hus og ei høyløa. Stølsvegen starta ved mjøstølen på Gjerde. Så bar det oppover nordaust for Lisebrekke, opp ein lang bakke, kalla Guttormsbakken. På toppen av denne kunne dei ta ein pause på Kvile. Så kom Oddmundsbakken før ein kom opp i Hestahoven. Her er det eit merke i berget som etter ein hestasko (det skulle ha vore hestekamp her med ein djevelhest involvert). Så bar det over Rugamyr og opp til Gryteskarvet, med gryteliknande holer i skarvet. Ved Budeieklypet kunne budeiene om hausten kontrollerast om dei hadde forsynt seg for mykje av stølskosten. Så vidare forbi Sodlaholet og opp på Husaleitet. Derifrå såg ein fram til Sjusete. I dag er det ein god skogsbilveg heilt fram til stølen. Aktiv støling vart det slutt med utpå 1950-talet. Den siste budeia på Sjusete var truleg Gudrun Larsgård (1905–1985). Som elles i bygda har også bruk frå Vambheim støla andre stader opp gjennom åra. Anders Larsson (1819–1908) frå bnr.3 hadde lenge støl i Bjoreidalen i Eidfjord i andre halvdel av 1800-talet. Denne stølen vert framleis kalla Vambheimsstølen. I 1862 fekk han også skøyte på stølspartar i Krossdalen og Tverrlie av Jakob Sysendal.

Skarvet Skarvet

Dette er vår- og hauststølen til bruka på Hallanger. Stølen ligg oppe i lia ovanfor garden, 500 moh. Eigarar i dag er: Gnr. 80, Hallanger, bnr.1, 2, 3, 4, og 6. Her syner det murar etter 6 sel. Stølen var i bruk fram til utpå 1940-talet.

Skitnasete Skitnasete

Denne stølen ligg om lag 3,5 km vest for garden Byrse, om lag 545 moh., og han er rekna som god sommarstøl. Skitnasete er frå gammalt av støl for Byrse bnr.1 og 2. Bnr.2 var frå 1658 til 1860 delt i to, difor finn me tre murar etter sel både her og på stølen Snipo. Dåverande eigar av 63/1 kjøpte i 1981 stor­parten av 63/2 med tilhøyrande støls- og utmarksrettar. På stølen står det i dag to nyare hus til­høyrande bnr.1, oppsette i 1985. Det gamle selet til bnr. 1 var ei stund det einaste huset på stølen, men det brann ned i 1984. I tillegg er her murrestar etter to eldre hus. Bnr.2 sitt sel fall ned i 1950-åra. Stølen ligg i dag turt og fint, så namnet kjem nok frå gamlestølen som låg på ein liten morenerygg attmed ei myr, eit par hundre meter aust for og noko lægre enn noverande stølsbol. Stølsbolet vart flytta til noverande stad på slutten av 1700-talet, mellom anna grunna stor bjørneplage på gamlestølen. I 1865 hadde bruka på Byrse 30 storfe, og dei sleppte 75 sauer på beite. I 1907 var til­svarande tal 20 storfe og 78 sauer. I 1865 rekna ein med at ei god kyr mjølka om lag 950 l i året, og mykje av denne mjølkemengda (det vert sagt 2/3) fekk ein på dei gode to månadane kyrne var på stølen. På Skitnasete kan det utpå ettersommaren og i lange turkebolkar verta lite med vatn, men stølen har alltid hatt lett tilgang til ved for koking og ysting. Begge bruka hadde i si tid inngjerda stølstræe. Bnr.1 slo stølstræet fram til og med 1953, og dette bruket støla med kyr heilt fram t.o.m. sommaren 1969. Maria Børsheim (1917–1983) var den siste budeia på Skitnasete, og då dei slutta med støling i 1969, hadde ho vore budeie der kvart år sidan ho vart konfirmert i 1929! Byrse hadde frå gammalt av mjøstøl på haugen ovanfor og vest for tunet. Frå mjøstølen flytte dei til vårfloren like utanfor husmannsplasset i Aosen. Frå vårstølen i Aosen buførte dei ut til Aobar og vidar utover stort sett langs Skitnasetebekken, slik skogsvegen går i dag. Dei hadde fleire merke langs vegen, som Furekvilet, Halvgjenge og Langemannen. Eit stykke ovanfor Langemannen tok dei utover fjellryggen mot venstre, som blir kalla Fljaoena. Dette for å gå mest mogeleg turt. Frå øvst på Fljoaena var det berre ei kort kleiv, dei såkalla Skorvena, opp til stølen. Traktorvegen ut til Skitnasete, som vart bygd i 1985, vart i 2013 opprusta til bilveg i samband med Statnett si bygging av kraftlina Sima – Samnanger.

Skitnasete Skitnasete

Skitnasete låg noko nedanfor Demmo, i eit myrområde 600 moh. Namnet Skitnasete kjem nok av det våte, myrete lendet, der det lett vart mykje skit då dyra gjekk der. I dag kan ein sjå restar etter murar som viser at det har stått bygningar der. Garden Vallavik hadde tidlegare støl på Tjødnarhaug nær Dalsete, men selet på Tjødnarhaug vart flytta hit tidleg på 1800-talet, truleg på grunn av dei store snøfennene som la seg på stølsvollen og selet. Stølinga tok tidleg slutt også her. Frå 1870-talet vart det vanleg å leiga bort kyrne til stølseigarar i Eidfjord.

Snipo Snipo

Denne stølen ligg noko vest for og høgare enn Skitnasete, i austenden av ei lita tjørn med same namn som stølen, ca 745 moh. Snipa kan koma av fuglen snipe, eller det kan vera forma på tjørna, kanskje i tydinga smal som har gjeve namn til tjørna og stølen. Snipo har vore sommarstøl og avlastingsstøl for Skitnasete, og brukarane har vore dei same som på Skitnasete. Med bakgrunn i murar og murrestar etter tre sel kan det tyda på at både bnr.1 og det delte bnr.2 har hatt stølshus her. Snipo vart truleg teken i bruk då krøtertalet auka sterkt tidleg på 1800-talet, og etter det ein kjenner til, vart det støla her fram til kring 1850. I dag står det eit nyare sel på ein av dei gamle murane. Dette vart sett opp av eigaren av 63/1 i 1988.

Tjødnarhaug Tjødnarhaug

Denne Vallavikstølen ligg noko inn frå fjelltromma nordvest for garden, på vestsida av Demmo 650 moh. Stølen har fått namnet etter tjørna Demmo som ligg tett nedom på nordsida av stølen. Selet vart flytt frå Skitnasete tidleg på 1800-talet. No står her eitt nyare sel, bygt i 1985. I tillegg er det ei florstomt. Namnet Demmo fortel at det her vart laga ein demning for å samla vatn til gardskvern og sag. Ved Vetlademmo ligg Ragnahaugen, der segna fortel at ei budeia, Ragna, gravla den nyfødde ungen sin.

Tveite Tveite

Opphavleg ser det ut til at dette var sommarstølen til bruka på gnr.73 Fryste, men i seinare tid har plassen berre vore nytta som vår- og hauststøl. Ivar Aasen forklarar ordet tveit med ein stad der det er laga ein rudning i skogen. Stølen ligg i lia vestom og opp frå garden, ein «½ fjerdings vei», om lag 305 moh. Stølsvegen tek til i tunet på bnr.1 og går opp Nyevegen til Storakleivleet. Vidare svingar vegen mot sørvest og opp Sauastigen, ei bratt kleiv opp Saua­stigberget. Her kjem også vegen opp Heggja­dalen frå bnr.2, Leirholo. Snart kjem ein så til vårstølen Tveite. Herifrå går vegen vidare om lag på tromma utover og over Frystebekken og møter så vegen som kjem opp frå Tveito, og vegen held no fram opp til Liastølen. Dei hadde også ein snarveg opp den bratte lia frå bnr.3 og opp til Tveite, men den var berre for folk og småfe. På Tveite står det i dag eit stølshus til bnr.3. I tillegg er her to husmurar.

Tveite Tveite

Opphavleg ser det ut til at dette var sommarstølen til bruka på gnr.73 Fryste, men i seinare tid har plassen berre vore nytta som vår- og hauststøl. Ivar Aasen forklarar ordet tveit med ein stad der det er laga ein rudning i skogen. Stølen ligg i lia vestom og opp frå garden, ein «½ fjerdings vei», om lag 305 moh. Stølsvegen tek til i tunet på bnr.1 og går opp Nyevegen til Storakleivleet. Vidare svingar vegen mot sørvest og opp Sauastigen, ei bratt kleiv opp Saua­stigberget. Her kjem også vegen opp Heggja­dalen frå bnr.2, Leirholo. Snart kjem ein så til vårstølen Tveite. Herifrå går vegen vidare om lag på tromma utover og over Frystebekken og møter så vegen som kjem opp frå Tveito, og vegen held no fram opp til Liastølen. Dei hadde også ein snarveg opp den bratte lia frå bnr.3 og opp til Tveite, men den var berre for folk og småfe. På Tveite står det i dag eit stølshus til bnr.3. I tillegg er her to husmurar.

Ure Ure

Dette er tidlegare husmannsplass under gnr. 43, bnr.1, Hjeltnes. Staden ligg på vestsida av Ulvikfjorden eit stykke utanfor Hetlenes. Ure er ein av dei eldste husmannsplassane i Ulvik. Etter at siste husmannen flytte frå plasset kring 1900, nytta K.K. Hjeltnes (1881–1959) staden som geitastøl vår og haust. Om våren førde dei geitene til Ure med robåtar, men når dei skulle til fjells, var det frakteskuta til Sylfest Vambheim (1891–1970) som frakta geitene til Osa. Buføra gjekk opp Norddalen og vidare den lange vegen austover til Oksabotn. Etter at ei stor stein- og jordskreda sopa vekk stovehus, bu, flor og naust i 1929, vart det sett opp eit sel på plasset. Restar av bygningane i Ure vart fjerna då vegen vart bygd frå Hetlenes til Bruravik midt på 1970 talet. I dag er det berre nokre steinar på oppsida av vegen som er teikn etter stølen. Namnet har plassen fått då han ligg nedanfor ei stor ur.

Vestrheimskleppe Vestrheimskleppe

Denne stølen ligg sørvest for Kongsberg i ca 515 m høgd og er i dag vår- og hauststøl for Vestrheim bnr.2. Lekken kleppe er nytta fleire stader i Ulvik (Aurdalskleppe, Øydvekleppe), og namnet kjem av klepp, som tyder hjall, ei framstikkande hylle. Ivar Aasen forklarar det med bergknaus, fjellpynt. Stølen har alltid hatt god tilgang på ved til koking og ysting, men i turre periodar har det skorta på vatn. I tidlegare tider vart stølen nytta som vårstøl for dette bruket før dyra (storfeet) vart førde til fjells. Bruket har mellom anna nytta ein stølsrett i Hestastòena. (Sjå meir om dette under stølen Hestastòena). Frå 1947 til 1964 støla bruket på Torbjørnstøl på Finse. Etter denne tid har beita på Finse vore nytta som sauebeite. I dag står det to hus på Vestrheimskleppe. Det eldste vart sett opp av Helge Sygnestveit (1909–1996) i 1943/44 som erstatning for det gamle selet som brann ned under ei jonsokfeiring i 1930. Dette bygget er eit grindbygg, sett opp av lokale ­materialar, men kledning m.m. måtte køyrast og delvis berast opp frå Aurdal. Vegen som vart nytta, gjekk vest for stølen og ned til garden Aurdal, der bruket har rett til vinterveg også i dag. Det nyaste selet er sett opp i 1990 av ei gammal tymbra som kom frå eit sel på Løyning. Tidlegare eigar av dette selet var Kristofer Frimann Nilsson Hjeltnes (1915–1989) frå bnr. 8, Øvre Hakestad. Fram til 1987 sto her også ein gammal flor frå 1700-talet, men han bles ned dette året. Denne floren fekk nok òg ein skade i 1942 då nokre karar løypte ved, og ei bør ved eit uhell gjekk gjennom eine veggen. Den vinteren hogg dei mykje ved i lia vest for Kongsberg og løypte han ned i to etappar, ein ned til stølen og den siste ned til Kaos. Fleire stader kring stølsbolet finn ein i dag meir eller mindre samanhengjande steingardar, og oppå murane var det før ein pasgard av brakje, kvist og greiner. Dette for å halda dyra innanfor området. I dag er mykje av beita kring stølen inngjerda, og dei vert nytta til vår- og haustbeite for sau og noko sommarbeite for storfe. Aust for stølen ser ein murar etter eit eldre stølsbol. I tillegg til stølsvollen var her to slåtter, Gryvletræet og Vetlatræet, og på kvar av dei sto det ei utløe. Vidare står det i dag att noko av bjørka som tidlegare vart stua og nytta til lauvskjerv. Dette lauvet, saman med høyet, vart lagra i desse løene, og om vinteren vart fôret drege på skikjelke ned ei skòr ved Gryvletræet, forbi Strytesteinen, ned Storakløvet og til Vestrheim. I dag er det traktorveg frå Vestrheim og heilt fram til stølen, ein veg som vart bygd ferdig i 1964.

Vetlestølen/Litlastøl Vetlestølen/Litlastøl

Også denne stølen høyrer til Vallavik, og han ligg nord for garden, på austsida av Giljaskredo, om lag 300 moh. Namnet kan tyda på at garden hadde ein større støl, og at dette var vårstølen. Vegen til stølen gjekk innover og opp mot Hallanger. No syner ei stor selstuft på stølen, og heile lia her er tilplanta med gran. Gunnvald Wallevik (1923–) fortel at han var budeie her nokre veker i 1939. Då var det gamle selet ramla ned., men dei la materialar over murane slik at han og kyrne fekk plass for natta. Ein dag kom drengen deira, Martin Djønne (1894–1987), opp. Gunnvald måtte koma heim og køyra med båten til Ulvik for å henta jordmora (Ingelina Holdhus). Ho kom på plass, og han Olav Hauso vart fødd 21. juni på Hallanger. Midthjallen var mjøstøl til Vallavik. Oddny Wallevik (1937–) minnest ho var opp her og mjølka kyrne då ho nett var komen til gards som tenestejente i 1953.